Debatt

Formuesskatten – den siste livlina til fridom

Å skattlegge dei rike er ikkje sosialisme, men eit heilt naudsynt grep for å halde demokrati og økonomi levande, skriv Kjell Magne Fagerbakke.

Me har lært at demokratiet blei fort avvikla etter at oligarkane vaks seg sterke i Russland. I Ungaren ser ein at demokratiet vaklar, og kor USA vil havne under Trump-leiinga, er enno uvisst. Sånn sett kan me sjå på formueskatten som den siste livlina til fridom, skriv Kjell Magne Fagerbakke.
Me har lært at demokratiet blei fort avvikla etter at oligarkane vaks seg sterke i Russland. I Ungaren ser ein at demokratiet vaklar, og kor USA vil havne under Trump-leiinga, er enno uvisst. Sånn sett kan me sjå på formueskatten som den siste livlina til fridom, skriv Kjell Magne Fagerbakke.Foto: Dan Uneken/Ole Berg-Rusten/NTB
Kjell Magne Fagerbakke
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Eg er villig til å kåre økonomisk ulikskap til dette tiårets største fare.

Som leiar av Bergen MDG bør eg kanskje vere meir uroa over natur- og klimaøydeleggingane?

Ja, det uroar meg, men når ulikskap hindrar oss å ha ein konstruktiv samtale om løysingar, må me løyse opp i den aukande skilnaden mellom rik og fattig samtidig. I dag opplever me at milliardærane blømer og naturen døyr. Det er ikkje slik det skal vere. 

Me likar gjerne å tenkje at rikdom kjem frå dugleik.

Kjell Magne Fagerbakke
Leiar, Bergen MDG

Me likar gjerne å tenkje at rikdom kjem frå dugleik. Den tanken kan me halde på om eit samfunn skal premiere kreativitet, men det er verdt å hugse at arv og fordelaktige posisjonar tel langt meir.

Om ein har 1.000 kr, er dei raskt brukt på mat og klede. Har ein 1.000 millionar, ser ein seg om etter gode plasseringar. Med gode plasseringar bør utbyttet vere over 5 prosent om året.

Milliardæren sit dermed att med 50 millionar i passive inntekter. Nye pengar tjent, som på nytt må verte investert.

Stakkars deg om dei blir brukt til å konkurrere mot deg på eigedomsmarknaden, eller stakkars dei unge som på grunn av prisgaloppen det skapar, ikkje kan kjøpe sin eigen heim.

Det er verdt å rekne etter kva effekt det har at milliardærane må få 5–10 prosent avsetting på sine investeringar. Når produktivitetsveksten i landet ligg rundt 1 prosent, vil deira krav til avkasting vere ein langt større del av den veksande kaka, som den politiske retorikken kallar økonomisk vekst for.

Det ser me att i kor lite verdiar majoriteten har fått sidan 2010. Det meste er havna hos dei aller rikaste. I pandemitida blei dette ekstra forsterka, og i perioden etter koronautbruddet auka formua til dei 400 rikaste med 300 milliarder kroner. I Storbritannia og USA har dette pågått sidan 1980. Sjølv om økonomien veks, vil dei rike ta så stor del av den at me andre fort blir avspist med ein evigvarande resesjon. 

Les også

Klima fungerer godt som offer

Rikdom gjer deg ikkje til ein fiende av folk eller natur, men det er lett å sjå at det finns eit logisk resonnement som gjev mange av dei rike ei viss politisk retning. Dei superrike har det til felles at skatteletter er noko av det dei vil tjene mest på. Det er derfor ikkje rart at dei investerer kapital på dei politiske partia som har skattelette høgt på agendaen, og rause valkampbidrag til høgresida er lette å få auge på. 

Å skattlegge dei rike er ikkje sosialisme, men eit heilt naudsynt grep for å helde demokrati og økonomi levande.

Kjell Magne Fagerbakke
Leiar, Bergen MDG

Utviklinga i Europa og USA har vist oss at moderate høgrepartier har vanskar med å skape regjeringsfleirtal åleine, og at ytrehøgre-støtta regjeringar får eit stadig klarare neoliberalistisk preg der garantier om skattelette er eit viktig prinsipp. Med på kjøpet har ytrehøgrepartia òg med seg polarisering og tvilsame haldningar til innvandrarar. Om basen for rikdom kom frå lav løn og dårlege arbeidsvilkår, er det heller ikkje ugunstig at arbeidarane er illegale med få rettigheter.

Ytre høgre-miljø styrkast ofte gjennom syndebukk-retorikk. Det har fungert godt å peike på natur og klima som syndebukk då forteljinga om at alt blir dyrare og vanskelegare har hatt lett for å slå rot, og dementia kan vere kompliserte. Slik har naturforkjemparar fått lav status i ytrehøgre-miljø og fått ein viktig plass ved sida av dei andre syndebukker frå kulturkrigen deira. 

Utifrå økonomisk logikk kan det òg vere fordelaktig for dei superrike å akseptere at dei folkelege kreftene som vil verne om natur og klima, blir knebla. Ein verna gamalskog er eit dårleg investeringsobjekt, med mindre ein hjelp dei politiske partia som vil fjerne vernet til å vinne valet. Tilsvarande kan reguleringar av næringar som havbruk, fiske og olje skape nye rammevilkår og dermed true investeringar gjort under andre forutsettingar.

 

Les også

Den siste livlina til fridom

Landsmøtet til MDG vedtok i fjor at formuesskatt forsatt skal vere ei viktig del av skatteregimet, men med eit høgare minstefrådrag enn i dag. I tillegg er eigedomskatt på næring prioriterte skatteobjekt. Det ligg fleire logiske resonnement bak denne politikken. Viktigast er at eit berekraftig samfunn ikkje kan byggjast på ulikskap, og naturen kan ikkje tape mangfald og areal kvart år. 

Ei stor formue er ei dårleg oppskrift på eit levande demokrati der livskvaliteten til enkeltindivid er viktig. 

Kjell Magne Fagerbakke
Leiar, Bergen MDG

Ei stor formue vil gje uforholdsmessig makt og er ei dårleg oppskrift på eit levande demokrati der livskvaliteten til enkeltindivid er viktig. 

At store verdiar vert generert av internasjonale aktørar innen sosiale media og straumetenester, gjer det óg naturleg å skattlegge andre formueverdiar som faktisk er norske og finn sin veg ut av landet med minimal skattlegging. Til liks er det naudsynt å diskutere ei framtidig skattlegging av utenlandske investeringar i Noreg heller enn den udokumenterte ideen om at formuesskatt er skadeleg for innovasjon og framskritt. Målet må vere å sikra oss at dei bidreg meir til arbeidsplassar og velferd enn til naturøydelegging eller kapitalflukt.

Å skattlegge dei rike er ikkje sosialisme, men eit heilt naudsynt grep for å halde demokrati og økonomi levande. Me har lært at demokratiet blei fort avvikla etter at oligarkane vaks seg sterke i Russland. I Ungarn ser ein at demokratiet vaklar, og kor USA vil havne under Trump-leiinga, er enno uvisst, men dei skal neppe inn i ein vakker tilstand. Sånn sett kan me sjå på formuesskatten som den siste livlina til fridom. 


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025