Birgit Oline Kjerstad
svarer
Tonje Brenna

Veit departementet noko om kvifor 8 prosent ikkje fekk bestått statsborgerprøva, kva var kjønnsfordelinga, og blir det forska på kva det er som er årsaka at somme ikkje greier prøva?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1716 (2024-2025)

I ei pressemelding 17. mars 2025 opplyser Arbeids og inkluderingsdepartementet at 92 prosent av dei som tok statsborgerprøva greidde prøva. Dermed var det 8 prosent som ikkje fekk bestått. Veit departementet noko om kvifor desse ikkje greidde prøva, kva var kjønnsfordelinga, og blir det forska på kva det er som er årsaka at somme ikkje greier prøva?

Eg viser til AID si pressemelding 17 mars der det blir opplyst om at 92 prosent av dei som tok statsborgerprøva i 2024 bestod denne. Det vert opplyst om at talet på dei som greier prøva jamt over er høgt, og at det er ein positiv trend og at resultata jamt over er gode.

Svar fra fredag 4. april 2025

Målgruppa for statsborgarprøva er i utgangspunktet alle mellom 18 og 67 år som skal søkje om norsk statsborgarskap. Dette er ei brei og samansett målgruppe, og det vil naturleg nok vere variasjonar i til dømes utdanningsnivå, om dei er vant med testsituasjonar, eller kor førebudd dei er til prøva. Det at så mange består prøva indikerer likevel at dei aller fleste stiller godt førebudd og har tileigna seg den kunnskapen Stortinget har bestemt at dei som søkjer om norsk statsborgarskap skal dokumentere å ha.

I 2024 bestod om lag 93 prosent av kvinnene og 92 prosent av mennene statsborgarprøva. Det er dermed ikkje grunnlag for å seie at det er store forskjellar mellom kjønna når det gjeld kven som består og ikkje består statsborgarprøva.

Prosjektet IMPECT (Linguistic Integration of Adult Migrants with Poor Education and the Consequences of Migration Tests) ved Høgskulen på Vestlandet, som er finansiert av Norges Forskningsråd frå 2021 til 2025, ser mellom anna på kva grupper som har vanskelegast for å klare krava for statsborgarskap, og også kravet om bestått statsborgarprøve. Sluttrapport for prosjektet blir publisert i august 2025.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025