

Meiner statsråden at praksisen med at russiske fartøy kan lande fisk i norske hamner, og kva tiltak vil ho ta for å stoppe milliardtilførselen til Russlands krigsøkonomi?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Russland har dei siste tre åra tent over 5 mrd NOK på at russiske fartøy får lov å lande fisk i norske hamner. Noreg importerte i 2024 meir fisk frå Russland enn nokon gong, dobbelt så mykje som i 2023. Mykje av denne russiske fisken blir etter prosessering eksportert tollfritt til EU som norsk fisk. Meiner statsråden at denne praksisen er problematisk, og vil ho i tilfelle foreta seg noko anna for å stoppe denne tilførselen av milliardbeløp inn i Russlands krigsøkonomi enn å «følge situasjonen nøye», jf. sak i NRK 5. mars 2025?
EU har som reaksjon på Russland sitt folkerettsstridige angrep på Ukraina innført omfattande sanksjonar som Noreg har slutta opp om, med nokre unntak og tilpassingar. Samstundes er det slik at naboskapen med Russland krev noko kontakt på område der Noreg har viktige interesser, så som fiskeriområdet, kor samarbeid om fiskeriforvaltning er ein føresetnad for ei berekraftig forvaltning av bestandane i Barentshavet.
Sanksjonane som er innførte, gjer at det no er svært krevjande å handle med Russland. Det er likevel slik at sanksjonane som er innførte ikkje rettar seg mot all handel, og det er ikkje eit generelt forbod mot import av russisk fisk i EU eller i Noreg. Det er innført importforbod for enkelte produkt som kaviar og skaldyr, og i tillegg kan andre tiltak som finansielle sanksjonar og transportforbod ha betydning for handelen også med fisk.
Det er viktig å skilje mellom russisk fisk som vert landa i Noreg og russisk fisk som vert importert til Noreg. Det meste av den russiske fisken som vert landa vert sett på tollager, før den går vidare til andre marknader, som EU. Fisk som går via tollager vil behalde russisk opphav, og vil då møte dei handelsvilkår som russisk fisk har i ulike marknader. Det vart i 2024 landa litt over 80 000 tonn fisk frå russiske fartøy i norske hamner i 2024, og det var omtrent det same som i 2023. I åra før dette vart det landa betydeleg meir. Landa volum har med andre ord gått mykje ned, men den relative verdien av landingane har auka grunna høgare fiskeprisar.
Noko av den russiske fisken som vert landa i Noreg vert importert av norsk industri. Så lenge det ikkje er eit importforbod mot russisk fisk, og så lenge andre relevante sanksjonar vert respekterte, er det opp til industrien sjølv å avgjere om dei vil importere russisk fisk. Korvidt utanlandsk fisk blir «norsk» etter tilverking i Noreg, vert bestemt av ulike opphavsreglar. For at fisk skal få preferanseopphav etter EØS-avtalen ved eksport frå Noreg til EU, må den etter dei såkalla listereglane vere «framstilt i sin heilskap». Det vil seie at fisken må vere fangsta av eit norsk/EØS-registrert fartøy. Russisk fisk kan derfor ikkje få norsk preferanseopphav ved eksport frå Noreg til EU, og den russiske fisken må derfor bli deklarert med russisk opphav ved eksport frå Noreg. Inntil 15 prosent russisk fisk (såkalla tredjelandsfisk) kan inngå i produksjonen saman med norsk fisk, og sluttproduktet vil då ha norsk preferanseopphav etter EØS-avtalen ved eksport til EU. Det er eit vilkår at den russiske og norske fisken vert blanda før produksjonen. Sjølv om fisken ikkje blir «norsk» kan han gå vidare til EU-marknaden tollfritt på ein såkalla GATT-kvote som EU etablerte i forløparen til Verdens handelsorganisasjon (WTO). GATT-kvota kan brukast av WTO-medlemer, og russisk fisk kan òg importerast tollfritt til EU på denne kvota.
Når det gjeld EU sitt tollregime, så har EU ulike tollsatsar for ulike sjømatprodukt frå ulike land. EU har i utgangspunktet ein tollsats på 12 prosent for fryst torsk. Norge har bunde tollsatsane for fisk til null i WTO. I seinare år har betydelege volum russisk fisk kunne importerast tollfritt til EU, gjennom EU sitt system for tollfrie importkvotar for å forsyne eigen industri med råstoff. Desse importkvotane vert kalla autonome importkvotar. Dei autonome kvotane gjeld i utgangspunktet for alle land, men EU har vedteke at frå 2024 er russisk fisk utelaten frå å bruke desse kvotane, og det må då svarast toll ved import. EU importerer trass i dette framleis langt høgre volum russisk fisk enn Noreg. Det er såleis ikkje slik at Russland er avskoren frå eksportinntekter ved handel med EU.
Det er per no ikkje vedteke å innføre ytterlegare restriksjonar på landingar av russisk fisk eller tollsatsar for russisk fisk ved import til Noreg, men dette vil vi vurdere kontinuerleg ut frå den situasjonen vi står i.