Alfred Jens Bjørlo
svarer
Andreas Bjelland Eriksen

Kva er det oppdaterte utsleppsgapet i jordbruket, korleis vil regjeringa dekke dette, og kva vil det koste?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2439 (2024-2025)

I regjeringa si klimastatus- og klimaplan (2024–2025) er det rekna med eit utsleppsgap på 5,4 millionar tonn i ikkje-kvotepliktig sektor for å nå klimamålet i 2030. I same plan legg regjeringa til grunn at jordbruket skal redusere utsleppa med 2,4 millionar tonn. Med bakgrunn i Riksrevisjonen sin ferske rapport om manglande utslippskutt og måloppnåing i jordbruket: Kva er det oppdaterte utsleppsgapet, korleis vil regjeringa dekke dette, og kva vil det koste?

Regjeringa sine framskrivingar i klimastatus- og klimaplanen (2024–2025) syner at det i dag manglar totalt 5,4 millionar tonn kutt i den ikkje-kvotepliktige sektoren for å nå klimamålet i 2030. I denne berekninga er det lagt til grunn at verkemiddel i jordbruket vil kutte 2,4 millionar tonn.

Riksrevisjonen sin rapport Dokument 3:13 (2024–2025) slår tydeleg fast at «det er ingen teikn til at det vil vere mogleg å oppnå betydelege utsleppsreduksjonar frå jordbruket innan 2030». Målkonfliktane er store, og klimaavtalen mellom staten og jordbruket vert vurdert som urealistisk. Regjeringa har ikkje lagt til rette for ein verkemiddelbruk som gjer det sannsynleg å nå reduksjonsmålet i klimaavtalen med jordbruket innan 2030.

Rapporten peikar òg på at styringa frå Landbruks- og matdepartementet på klimaområdet pregar av manglande strategi, uklåre ansvarsforhold og svak oppfølging av ambisjonane som er sette for 2030. Dagens verkemiddel og tiltak bidreg i liten grad til måloppnåing, og Stortinget har fleire gonger etterlyst sterkare tiltak.

Svar fra mandag 16. juni 2025

Regjeringa Solberg inngjekk i 2019 ein intensjonsavtale med jordbruket med mål om å redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon i perioden 2021-2030. Vår regjering legg også klimaavtalen til grunn for klimaarbeidet i sektoren. Målet i avtalen er å redusere utsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekv. samla i same periode. Det er oppretta ei rekneskapsgruppe beståande av representantar frå Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Rekneskapsgruppa fører rekneskap for oppfølging av avtalen og gjer opp status for progresjon og utvikling i arbeidet i samband med dei årlege jordbruksforhandlingane. Kvart tredje år (2023, 2026, 2029) skal rekneskapsgruppa levere ei grundigare rapportering.

Dokumentasjon av effektbereknande verkemiddel i jordbruket i Klimastatus- og plan (2024-2025) er offentleggjort som eit eige dokument på regjeringa sine nettsider. Her kjem det fram at summen av tiltaka bruk av metanreduserande fôrvarer, krav i revidert gjødselregelverk, stønad over jordbruksavtalen, og ein verkemiddelpakke for redusert matsvinn er berekna å gi utsleppsreduksjonar på 2,4 millionar tonn CO2- ekvivalentar i perioden 2025-2030.

Det oppdaterte utsleppsgapet og klimaplan vil bli presentert i Klimastatus- og plan for 2026. Planen blir lagt fram som ein del av statsbudsjettet kvart år.

Det ligg til grunn for klimaavtalen med jordbruket at dei største utsleppskutta vil kome mot slutten av avtaleperioden. For å bidra til at utsleppskutta aukar, blei regjeringa i årets jordbruksforhandlingar einige med Noregs Bondelag om at det skal fasast inn krav til metanreduserande fôrvarer frå 2027, og at det også blir teke sikte på å innføre krav til klimatiltaksplan frå same år. I tillegg blei spesielt løyvingane til miljøvennleg spredning av husdyrgjødsel og for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg auka. Dette er viktige og tiltak som vil bidra til auka oppslutning om klimatiltak i jordbruket, og vil bidra både i arbeidet med å nå målet som er vedteke for klimaavtalen for jordbruket og Noregs klimamål.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025