Debatt

Rikets digitale tilstand: Vi forstår ikke alvoret

Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt. 

Frode Danielsen åpnet Digitaliseringskonferansen onsdag. Der var temaet hvordan det offentlige kan samarbeide på tvers om digitalisering. 
Frode Danielsen åpnet Digitaliseringskonferansen onsdag. Der var temaet hvordan det offentlige kan samarbeide på tvers om digitalisering. Foto: Anne Sofie Lid Bergvall
Frode Danielsen
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Direktør i Digitaliseringsdirektoratet, Frode Danielsens, tale om rikets digitale tilstand på Digitaliseringskonferansen 11. juni 2025. Denne versjonen er forkortet av Altinget Digital.

Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt. 

Vi har bak oss eit år prega av krig, tollbarrierar, økt geopolitisk uro og sist, men ikkje minst ein omkalfatrande bruk av kunstig intelligens som virkar inn i måten vi jobbar på, som virkar inn på sikkerheitspolitikk og inn på demokratiske prosessar. På toppen av dette kjem utfordringar med lågare inntekter og færre folk til å gjere jobbane.

Kort oppsummert er vårt demokratiske verdisett under stadig aukande press. Vi har eit trusselbilde som er det mest alvorlege sidan 2. verdskrig og vi har fortsatt ein stor jobb å gjere for å sikre framtidas velferdsstat.

Naiv, blenda av velstand og treg

Og forstår vi alvoret? Min vurdering er at vi samla sett ikkje gjer det. Eg meiner at vi i mange samanhengar er litt naive når det kjem til truslane og utfordringane vi står midt i, og at mange år med velstand og stabilitet blendar oss og gjer oss for trege i omstillingsavtrekkarane.

Dette vert også understøtta av direktøren i NSM som ved framlegginga av trusselbildet for 2025 omtala at mange virksomheiter er som opne låvedører. Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt.

Forstår vi alvoret? Min vurdering er at vi samla sett ikkje gjer det.

Men eg er heilt sikker på at ein av dei mest viktige tinga vi kan gjere, er å løyse dei store oppgåvene saman, og samhandlinga må vere meir forpliktande enn i dag. Vi vil aldri klare å møte morgondagens utfordringar kvar for oss. Noreg er eit lite land i Europa, og vi er små samanlikna med dei store tek-selskapa og stormakter som Kina og USA. Kvar og ein av våre virksomheiter er uendeleg små i det store bildet. Gjennom tverrgåande samarbeid i norsk forvaltning, står vi sterkare inn i dette i Noreg. Og gjennom EØS-avtalen står Noreg sterkare saman med EU. Framtida er meir samarbeid.

Eg blir både bekymra og litt redd for at vi nordmenn er for naive. Omverda endrar seg raskare og til det verre, og vi er ikkje godt nok forberedt.

Digital stillstand

For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om eg skulle snakke om rikets digitale tilstand – eller rikets digitale "stillstand"? 

Det er ikkje stillstand i Noreg. For vi er allerede i gang med å jobbe meir saman.

Det jobbast jamnt og trutt med å følgje opp tiltaka frå digitaliseringsstrategien og å bygge digitale tenester som skal gjere kvardagen sikrare, enklare og meir effektiv.

Alternativet, der vi avventar og håpar at det ikkje treff min etat og min sektor for hardt, er det ingen av oss som kjem godt ut av. 

Vi har relativt sett gode vilkår og gjer det bra på fleire område målt mot andre land. Men det viktigaste er ikkje scoren på målingar. Det viktige er korleis vi riggar oss for å klare å samarbeide om dei ambisiøse måla som er satt i strategien - og i praksis, korleis løyser vi utfordringane som vi allereie står oppe i og som kjem til å krevje endå meir i åra som kjem?

Avhengig av tillit

I tillegg til samordning og samarbeid for å løyse dei store samfunnsutfordringane er det ein annan ingrediens vi er heilt avhengig av for å bevare demokratiet: Tillit.

I ein ny verdsorden der demokratiske verdiar er under press, og nye uvante truslar knytt til desinformasjon, hybridkrig og svindel treff oss, har vi i Noreg framleis høg tillit til kvarandre. Denne tilliten er avgjerande for å halde oppe velferdssamfunnet. Men vi skal ikkje ta den for gitt.

Vi har dei siste månadane sett ei sterk kopling mellom store teknologiselskap og USAs administrasjon, vi har sett viljen til å deregulere teknologi som gjer at makt blir flytta frå folk til kommersielle krefter.

I Noreg skal vi gjere det motsatt - vi skal bruke teknologien for å styrke demokratiske verdiar og forsterke tilliten i samfunnet vårt.

Kva hindrar oss – og kva må vi ta tak i no?

Mangelen på koordinerande styring hemmar gjennomslagskrafta. Vi har ferske tal på at det er appetitt for sterkare styring både i stat og kommune, der 9 av 10 ønsker at vi i større grad skal jobbe på tvers av virksomheiter og sektorar.

Med andre ord stemmer fellesskapet for at vi tek kraftigare grep for samordning. Så då er spørsmålet: Når alle vil – korfor får vi det ikkje til?

Eg meiner det er tre grep som er avgjerande for å lukkast.

Investeringar og nasjonal portefølje

Vi må investere smartare. Det krev at vi har betre innsikt i kva som er nødvendige investeringar for å nå måla våre. Derfor treng vi ei samla nasjonal portefølje som gir oss eit heilhetsbilde.

Vi i Digdir skal bidra til dette gjennom vegkartet som vi utviklar. Gjennom dette arbeidet skal vi få betre kunnskap om kva tverrgåande behov forvaltninga har og kunnskap om kva for tiltak som bør prioriterast først.

Sett utanfrå kan det for mange sjå ut som at byråkratiet består av inneffektive og ubrukelege folk. Norske byråkratar er ikkje late og ubrukelege.

Men Digdir lykkast ikkje åleine. Vi må bygge på kunnskap og involvering frå alle sektorar, inkludert privat sektor. Og vegkartet og prosessane rundt må henge saman med budsjettprosessane i staten, slik at politikarane som gjer prioriteringane får best muleg grunnlag for å fatte sine beslutningar.

Gevinstar og omfordeling

Vi må i større grad hente ut gevinstar frå digitaliseringa gjennom effektivisering. Dersom vi i salen skal bidra til å løyse utfordringane best mogleg - må vi jobbe på tvers av sektorar og legge til grunn at vi alle sitt i same båt.

Effektiviseringa vil tvinge seg fram på den eine eller andre måten. Alternativet, der vi avventar og håpar at det ikkje treff min etat og min sektor for hardt, er det ingen av oss som kjem godt ut av.

Vi må som samfunn uansett køyre prosessar for å omfordele midlar til dei viktigaste områda, slik som førstelinja i helsesektoren, og eg må dessverre også seie til sikkerheit og forsvar.

Siloar og sektorgrenser

Det finst gode eksempel på at vi løyser oppgåver på tvers. Men skal vi løyse utfordringane vi står overfor, er ikkje nokre gode eksempel nok. Derfor peiker digitaliseringsstrategien på at vi må gå meir systematisk til verks.

Les også

I dag er det fråvær av insentiv til at forvaltninga tar ansvar ut over eiga virksomhet. Dette må vi gjere noko med om vi skal få dei ønska effektane av digitaliseringa. Og kanskje skulle vi gjort som forvaltningslovutvalet anbefalte for nokre år sidan – innføre ei sterkare lovfesting av samarbeidsplikt mellom forvaltningsorgana. Vi må i alle fall gi etatane handlingsrom til å sjå tverrgåande når dei jobbar med digitalisering, og suksess må og målast gjennom at ein bidreg til effektar utanfor kjerneoppdraget til sin eigen etat.

Sett utanfrå kan det for mange sjå ut som at byråkratiet består av inneffektive og ubrukelege folk. Norske byråkratar er ikkje late og ubrukelege. Vi er mellom anna teknologar, forskarar, innovatørar, og vi er eksepsjonelt flinke til å navigere mellom mylderet av krevande regelverk og hindringar. Mi erfaring er at norske byråkratar er dyktige og svært lojale til sine oppdrag. Det er ikkje byråkratane som må fiksast, det er byråkratiet som må endrast. Vi må gi flinke byråkratar rammer til å jobbe sammen på tvers av sektorar og til å skape dei nødvendige effektane for samfunnet.

Jobben må gjerast

Sjølv om vi møter større utfordringar i tida som kjem enn den som ligg bak oss, er eg optimistisk. Vi har verktøya til å løyse dette. Vi har fått ei tydeleg politisk retning og ein marsjordre til oss alle. Vi har høg kompetanse og dyktige folk, og vi har ein tillit i samfunnet som set oss i stand til å gjennomføre dei nødvendige omstillingane i tida som kjem.

Men jobben må fortsatt gjerast. Eg er klar, det håpar eg de er også!


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025