Ingrid Fiskaa
svarer
Jon-Ivar Nygård

Kva er årsaka til den omfattande akutte stenginga av Andøya flystasjon, og korleis vil stenginga påverka stasjonens funksjon som beredskaps-, øvings- og mottaksbase?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2367 (2024-2025)

Kva er årsaka til den omfattande akutte stenginga av Andøya flystasjon, og korleis vil stenginga påverka stasjonens funksjon som beredskaps-, øvings- og mottaksbase?

Andøya flystasjon vart vedtatt nedlagt i 2016. Seinare vart det vedtatt at Andøya likevel skulle bestå som militær flystasjon, men regjeringa avgjorde i 2022 at Avinor skulle overta drifta. Andøya skal bli permanent base for mottak av allierte styrkar og base for langtrekkande droner, som skal vera fullt operativ i 2029. I tillegg skal basen understøtta aktiviteten til Andøya Space.

I løpet av mai har Avinor sendt ut ei rekke NOTAMs for Andøya flystasjon. Endane på rullebanen og det aller meste av taksebanar er stengt for jetfly til 10. juli i år. Dette inkluderer begge områda for kampfly og oppstillingsplassen for store transportfly, noko som i praksis stenger stasjonen for militær flyaktivitet. Sivile jetfly vil måtta bruka ein taksebane midt på rullebanen og forhalda seg til at rullebanen er korta ned med ca. 300 meter.

Dåverande forsvarsminister Gram svarte på mitt skriftlege spørsmål nr. 1747 i april 2024 at «Langtidsplanen legg til grunn at Forsvaret vil ha dagleg nærvær og handtera militær vakt og sikring, vertslandstøtte for allierte, og andre funksjonar som er militært nødvendige på Andøya. Forsvaret vil inngå ein driftsavtale med Avinor som vil sikra at Forsvaret får levert dei tenestene som er nødvendig for den framtidige drifta og for å ta vare på alliert øving og trening, og ivareta nødvendig beredskap.»

Svar fra fredag 13. juni 2025

Eg svarar med dette på vegne av forsvarsministeren og meg sjølv.

Avinor AS overtok drifta av Andøya lufthamn frå Forsvaret i 2024. Delar av infrastrukturen på lufthamna er i dårleg forfatning, og det er til dels betydelege behov for utbetringar.

Rullebana har felt på 150 meter i begge endane av rullebana. Endefelta er dekte med 70 år gamle betongplater. Betongplatene ber preg av aldersforvitring og oppsprekking. Av omsyn til flytryggleiken har Avinor sett seg nøydt til å stengje endefelta for visse flytypar. Dette inneber at også taksebaner i tilknyting til endefelta er stengde.

Lufthamna fekk i 2024 avvik av Luftfartstilsynet knytt til krakelering og steinslipp av til dels store steinar/bitar av betong på endeområda. Dette kan føre til alvorlege skadar på fly. Forsvarsbygg vurderar no korleis betong-endefelta kan utbetrast. Når slike arbeider skal gjennomførast, vil Avinor måtte korte inn rullebana. Dette skjer i tråd med gjeldande reglar og prosedyrar.

Situasjonen vil påverke militære operasjonar på Andøya fram til endefelta er utbetra. Konsekvensane for aktivitet med kampfly og større flytypar vurderast nærmare. Forsvaret vil tilpasse den operative aktiviteten etter situasjonen, og bruke fleksibilitet i systemet med fleire andre operative flybasar i Nord-Noreg for å ivareta øving og beredskap på ein god måte.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025