Marit Knutsdatter Strand
svarer
Oddmund Hoel

Kva effekt har nedskriving av studielån i Nord-Noreg hatt, og kva summar kan arbeidstakarar spare i ulike kommunar ved å vere busett i eitt år frå 1/1-2025?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 892 (2024-2025)

Nedskriving av studielån i Nord-Norge vart innført med Sp i regjering i 1990, og no i kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.
Kva effekt kan vi seie nedskriving av studielån i Nord-Norge har hatt, og kva summar kan arbeidstakarar spare i ulike kommunar ved å vere busett i eitt år frå 1/1-2025?

Spreidd busetting og auka kompetanse i heile landet er bra for beredskapet og verdiskapinga, og det er viktig med tiltak som bidreg til å fremme dette.

Svar fra tirsdag 28. januar 2025

Sidan regjeringa tiltredde har vi sett inn fleire grep for å gjere det meir attraktivt å bu og arbeide i distrikts-Noreg og i dei nordlege områda.

I 2025-budsjettet har vi føreslått ei ny gjeldsslettingsordning, som i skrivande stund er på offentleg høyring, for personar som bur og arbeider i kommunar i sentralitetssone 5 og 6 hos Statistisk sentralbyrå (SSB). Samstundes har vi føreslått ei styrking av den eksisterande gjeldsslettingsordninga i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, slik at den nye ordninga ikkje svekkar effekten av ordninga i innsatssona. Sistnemnde ordning blei òg styrkt av regjeringa i 2023-budsjettet.

Det er god grunn til å tru at gjeldsslettingsordninga i innsatssona har hatt effekt sidan ho blei innført. Blant anna viser Vista Analyse si evaluering frå 2022 at det er gjeldssletting som har vist seg å vere det tiltaket som ser ut til å ha den sterkaste effekten av alle dei personretta verkemidla i innsatssona, med tanke på målsettinga om å stimulere til busetjing. Dette gjeld særleg for unge menneske, som er ei viktig målgruppe for denne typen ordningar. Det er sterkast effekt dei første åra etter at ei ordning er etablert. At analysane viser at effekta av ordningane blir mindre med tida, meiner eg er eit argument for at det er behov for at dei blir styrka, slik at verkemidla ikkje taper verdi med tida, men forblir relevante.

Samstundes er det verdt å nemne at denne typen evalueringar er prega av usikkerheit, og at vi neppe heilt presist kan anslå akkurat kva for effekt ordningane har hatt for den einskilde. Det er lite sannsynleg at individuelle bustadspreferansar åleine blir endra av éin enkelt faktor, som til dømes gjeldssletting. Denne usikkerheita kjem óg fram av evalueringa. Eg tenkjer at gjeldssletting heller bør sjåast på som ein av fleire faktorar som verkar i eit samspel når man vurderar kvar ein skal busette seg, og i dette tilfellet – ein faktor som vi politikarar faktisk har moglegheit til å leggje til rette for.

Representanten Strand spør kor mykje ein arbeidstakar kan spare ved å bu i eitt år i einskilde kommunar. Snitt på kor mykje ein student har i gjeld ved fullført utdanning er 427 000 kroner (siste tal frå 2023). Svaret kjem an på kva for ein kommune ein bur i. Ved å bu i ein av kommunane i innsatssona eitt år, frå 1. januar 2025, vil det etter endringane i 2025-budsjettet vere mogleg å få 60 000 kroner i gjeldssletting kvart år, frå 2026. Bur du i ein av dei andre kommunane i Nord-Noreg som er i sentralitetssone 5 og 6, kan du frå 2026 få 25 000 kroner i gjeldsslette kvart år.

Det er óg fleire ordninger retta mot lærare. Kvalifiserte lærare som bur og arbeider i innsatssona, kan ut over det få 20 000 kroner ekstra sletta av studiegjelda kvart år. Grunnskolelærarar eller lektorar, kan òg få inntil 161 000 kroner sletta som ei eingongshending dersom dei bur og arbeider i Nord-Noreg i 3 av dei 6 første åra etter fullført utdanning (sum avheng av utdanning, og for deler av beløpet fullføring på normert tid). Denne moglegheita er lik den generelle ordninga for grunnskolelærarar i heile landet, men med eit høgare beløp og utan krav om fullføring på normert tid for delen av ordninga som berre gjeld i Nord-Noreg. Å ha spesialisering i realfag, framandspråk, eller samisk eller kvensk i fagkretsen, gir ein lærar rett til ytterlegare 50 000 kroner i gjeldsslette. Lånekassa har ansvar for å forvalte og informere om desse ordningane.

Alle gjeldssletteordningane er oppsummert i tabellen nedanfor.

Ordning Oppteningstid Arbeidskrav Område Sum
Gjeldsslette i sentralitetssone 5 og 6 1 år Ja Sentralitetssone 5 og 6 25 000 kr/år (frå 2026)
Gjeldsslette for å bu i innsatssona 1 år Ja Innsatssona 30 000 kr/år (i 2025)
60 000 kr/år (frå 2026)
Gjeldsslette for kvalifiserte lærarar i innsatssona 1 år Ja Innsatssona 20 000 kr/år
Gjeldsslette for lærarar med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk Nei Nei Heile landet Engangssum 50 000 kr
Gjeldsslette for grunnskulelærarar eller lektorar som fullfører på normert tid 3 år Ja Heile landet (a, b)
Nord-Noreg (c)
a. Grunnskule 1-7, praktisk- og estetiske fag 1-13 = 106 000 kr.
b. Grunnskule 5-10, lektor 8-13 0 = 51 000 kr.
c. Grunnskule 1-7 og 5-10, lektor 8-13, praktisk- og estetiske fag 1-13, lektor 8-13 = sum som i a/b pluss 55 000 kr.
(Føreset opptening i Nordland, Troms eller Finnmark. Still ikkje krav til fullføring på normert tid.)


Fleire av desse gjeldssletteordningane er det mogleg å kombinere. Ein kan få 60 000 kr i året for å bu og arbeide i innsatssona, 20 000 kr ekstra i året viss ein er kvalifisert lærar som arbeider som lærar, 50 000 kr som ein eingongssletting viss ein har spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, og inntil 161 000 kr som ein eingongssletting viss ein arbeider som lærar i 3 år i dei tre fylkene i Nord-Noreg etter utdanninga. Dette kan gi maksimalt 451 000 kr i gjeldsslette i løpet av tre år i innsatssona, gitt vilkåra.

Ordningane for gjeldsslette kjem i tillegg til at busette i innsatssona har rett på skattefrådrag etter det såkalla Finnmarksfrådraget, fritak frå elavgifta og har lågare ordinære skattesatsar samanlikna med resten av landet – og gratis barnehageplass.

Regjeringa ønskjer å stimulere til busetting i Nord-Noreg og i distrikta, og bidreg med desse ordningane til at det også skal lønna seg.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025