Debatt

Ein ny kulturkanon i skulen må innehalde like mykje Noreg som Norge

Kunnskapsministeren har, i eit større utspel i NRK rett før jul, tatt til orde for ei tydelegare norsk forankring i skulen, men nemner ikkje nynorsk med eitt ord. Nynorsk og den nynorske kulturhistoria må med når ho skal finne felles songar, bøker og historiske hendingar som alle norske barn skal lære om, skriv Peder Lofnes Hauge, leiar i Norges Mållag.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nortuns kulturkanon kan gjere norske elevar betre i nynorsk og (såleis) betre inkludert i det norske samfunnet, skriv Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nortuns kulturkanon kan gjere norske elevar betre i nynorsk og (såleis) betre inkludert i det norske samfunnet, skriv Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/Tuva Maria Åserud/Noregs Målaag
Peder Lofnes Hauge
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier ho vil «løfte vår felles historie, våre tradisjonar og våre kulturutrykk». At alle born i norske klasserom får fleire felles referanserammer, kan vere eit viktig grep for å styrkje nasjonalkjensla og betre integreringa.

Det er synd ho tilsynelatande gløymer nynorsk når ho skal vise korleis ho skal få dette til. Ivar Aasen burde vore det første talepunktet hennar før ho sette seg ned med NRK Dagsrevyen like før jul. Å lære seg både nynorsk og bokmål er å skrive seg inn i det norske – å bli norsk. Det gjeld sjølvsagt like mykje for Ole og Oline som for Ali og Aisha. 

 I ei stadig meir privatisert og individualisert tid kan ein kulturkanon bidra til å gje oss fleire felles erfaringar. 

Peder Lofnes Hauge
Leiar, Noregs Mållag

Er ein slik kulturkanon detaljstyring av lærarane eller heilt naudsynt forventingsavklaring?

Skal vi tru kunnskapsministeren, får regjeringa tilbakemeldingar på at gjeldande læreplan er for lite konkret og vanskeleg å følgje opp. Dei fleste lærarar vil nok sjølve velje dei mest openberre songane og bøkene i ein slik kanon utan hjelp frå politisk leiing i Kunnskapsdepartementet.

Dersom ein meiner det er viktig at borna får møte meir av det same, uavhengig av kvar i landet dei bur, så kan ein kulturkanon openbert vere eit interessant grep. 

Les også

I høgste grad eit politisk spørsmål

Då eg var ung, såg vi dei same TV-programma og kinofilmane. Vi gjorde det til og med samstundes. I dag er det ingen som vil tilbake til NRK-monopolet. Det er ein enorm fridom å kunne velje mellom ulike kulturelle opplevingar og få dei rett inn på skjermen akkurat når du vil. Samstundes mister vi noko på vegen. Utan felles referansar og rammer, er samtale og diskusjon vanskelegare.

Å vurdere kulturuttrykk eller meiningar og halde seg kritisk til dei, er vanskelegare dersom ein ikkje har nokon felles utgangspunkt for å vurdere dei. I ei stadig meir privatisert og individualisert tid kan ein kulturkanon bidra til å gje oss fleire felles erfaringar. Det er viktig og nyttig for integreringa, nasjonalkjensla og samhaldet – og dimed også folkestyret. 

Politikarane synest det er heilt greitt å styre både arbeidstid og innhaldet i lærarstillingane.

Peder Lofnes Hauge
Leiar, Noregs Mållag

Det er lett å ironisere over eit slikt forslag. Skal Ja, vi elsker med i ein slik kanon? Kva med 1814? Kor mange rim og regler må med før Nessa Nordtun er fornøgd?

Tidlegare kunnskapsminister Guri Melby (V) og skulebyråd i Oslo, Julie Remen Midtgarden (H), har begge vore svært kritiske til forslaget. Dei peikar på at vi har ganske nyss vedtekne læreplanar og at dette går utover lærarane sin autonomi. Dei har begge tillit til at elevane får både Ja, vi elsker og Camilla Collett utan at nokon må minne lærarane på det.

Det kan vere grunn til å minne om at norsk offentleg grunnskule er til for elevane som skal fungere og lukkast i samfunnet. Politikarane synest det er heilt greitt å styre både arbeidstid og innhaldet i lærarstillingane. Kva vi lærer vekk til borna våre, og dimed kva kompetanse og kunnskap vi får i samfunnet, er i aller høgste grad eit politisk spørsmål.

Kan styrkje skulen sitt danningsoppdrag

Same kva: Om dette endar med at lærarane får lister med tilrådde bøker, songar og historiske hendingar som dei bør undervise i, så er ikkje det eit stort overgrep mot norske lærarar. Tvert om kan det styrkje skulen sitt danningsoppdrag, men berre om det blir gjort rett. 

Då må nynorsken prege ein slik kanon for alle elevar i alle klasserom i Noreg. Det må vere eit rikt utval av nynorske titlar i ei slik litteraturliste. Nynorske songar, rim og regler må med.

Somme ting var betre før; som at alle born såg Flukta frå Dyreskogen, til dømes. Kari Nessa Nortuns kulturkanon kan gjere norske elevar betre i nynorsk og (såleis) betre inkludert i det norske samfunnet.

Eg vil ynskje regjeringa lukke til med eit viktig arbeid. Til alle andre som no reagerer, vil eg seie: Gjer som Padde, Rev og Grevling: Ikkje få panikk! 

Omtalte personer

Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsminister (Ap)

Guri Melby

Partileder (V), stortingsrepresentant Oslo, andre nestleder i Utenriks- og forsvarskomiteen
lektor, mastergrad i nordiske språk og PPU (NTNU, 2007)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025