

Vil statsråden ta initiativ til samarbeid mellom Innovasjon Norge og Miljømerking Norge slik at kostnader til miljømerking kan dekkast i tidligfase?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Mange oppstartsbedrifter har produkt som kunne ha vore miljømerka, men kostnader til testing, lisensiering etc. påløper før bedriftene har inntekter. Vil statsråden ta initiativ til samarbeid mellom Innovasjon Norge og Miljømerking Norge slik at kostnader til miljømerking kan dekkast i tidligfase, og dermed gjere det lettare for oppstartsbedrifter å møte miljøkrav og delta i offentlige anbod med krav om miljømerking, og også imøtekome kritikk frå Riksrevisjonen om at det er for dårlig samordning av ulike offentlege virkemiddel?
Miljømerking kan vere eit viktig konkurransefortrinn for oppstartsbedrifter, og bidra til å synleggjere miljøeigenskapane ved produkta og tenestene deira.
Innovasjon Noreg har allereie høve til å støtte aktivitetar knytt til miljømerking gjennom fleire av sine ordningar. Slike kostnader kan inngå i kostnadsgrunnlaget som del av ein større søknad om finansiering. Dette gjeld særleg i fasen der verksemda skal kommersialisere eit nytt produkt eller ei teneste etter utvikling og testing.
Oppstartstilskot 3 og Oppstartslån er særleg retta mot denne fasen, og det kan vere naturleg for bedrifter å inkludere kostnader til miljømerking i søknader til desse ordningane. Også Vekstgarantiordninga og innovasjonslån kan nyttast til slike aktivitetar.
Aktivitetar knytt til miljømerking vil derimot normalt ikkje bli prioriterte under innovasjonsordningar som Miljøteknologiordninga og Innovasjonskontraktar, då desse ordningane er retta mot utvikling og testing av ny teknologi, produkt og prosessar – altså aktivitetar som kjem før sertifisering og merking er aktuelt.
Det er opp til verksemdene sjølve å definere kva aktivitetar dei ønskjer å søkje støtte til, og for mange vil miljømerking vere ein naturleg del av dette. Eg meiner difor at det allereie ligg godt til rette for at oppstartsbedrifter kan få støtte til miljømerking i tidleg fase, og ser ikkje behov for ta noko ytterlegare initiativ ovanfor Innovasjon Noreg eller å etablere ei eiga ordning for dette no.