Når kan stortinget forventa å få meldinga om trygg digital oppvekst, og skal den innehalde innføring av ei aldersgrense som vil krevja lovendring?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Når kan stortinget forventa å få meldinga om trygg digital oppvekst, skal den innehalde innføring av ei aldersgrense, vil ei slik innføring krevja lovendring, i så fall, når reknar statsråden med at Stortinget vil få tilsendt ein lovproposisjon knytt til denne innføringa av ei aldersgrense?
Allereie i april i fjor varsla regjeringa at dei ønskte å innføra strengare restriksjonar for barn og unge sin bruk av sosiale medium, gjennom eit intervju i VG. Sidan då har den varsla stortingsmeldinga om trygg, digital oppvekst blitt utsett ved fleire høve. Samstundes har regjeringa, inkludert kunnskapsministeren, vist til dette pågåande arbeidet i møte med avsløringar kring sosiale medium og dei negative effektane det har på unge. Seinast niande januar i år i eit intervju i VG.
Bakgrunnen for det siste intervjuet er nye tal frå NTNU som viser dei alvorlege negative konsekvensane sosiale medium har for unge sin motivasjon og trivsel i skulen. Tala viser mellom anna at over halvparten av jentene i vidaregåande skule gruer seg til å gå på skulen etter negative hendingar i sosiale medium. Heile ein av ti elevar på vidaregåande skule har vore borte frå skulen som følgje av kjipe eller vanskeleg opplevingar i sosiale medium. I tillegg er det fleire andre skremmande funn i rapporten.
Til VG seier kunnskapsministeren naturleg nok at dette er alvorleg og viser til det pågåande arbeidet med å innføra ei aldersgrense på sosiale medium. Raudt er også positiv til strengare reglar for unge på sosiale medium, men spørsmålsstillaren er også utolmodig. Regjeringa har nå ved fleire høve varsla innføring av ei aldersgrense, men lite har skjedd og ingenting har kome til Stortinget.
Stortingsmeldinga om trygg digital oppvekst er under arbeid. Regjeringa tek sikte på å fremje meldinga tidsnok til at den kan bli handsama av Stortinget i vårsesjonen. Meldinga vil omhandle innføring av aldersgrense, og dette vil krevje lovendring.
Regjeringa har allereie varsla at vi vil foreslå for Stortinget å heve aldersgrense frå 13 til 15 år i personopplysningsonslova. Det vil seie å heve grensa for når barn kan samtykke til at informasjonssamfunnstenester, slik som sosiale medium, kan handsame personopplysningane deira. Foreldre vil framleis kunne samtykke på vegne av sine barn. Dette lovarbeidet er det Justis- og beredskapsdepartementet som arbeider med.
Regjeringa har varsla at vi greier ut ei absolutt aldersgrense for sosiale medium. Arbeidet med å greie ut ei lovfesting av aldersgrense for sosiale medium er prioritert i departementa og vil omhandle konsekvensar for barn og unge sin ytringsfridom, personvern, informasjonsfridom og barn sin rett til vern, utsette grupper, forhaldet til EØS-avtala samt utfordringar kring handheving av ei aldersgrense.
Eg vil vere tydeleg på at utfordringane kring barn og unge sin oppvekst i eit digitalisert samfunn vil ikkje bli løyst av ei aldersgrense åleine, det vil krevje ein heilskapleg innsats kring barn og foreldre, vaksne som arbeider med barn, næringsliv og styresmaktene sjølv. Den innsatsen vil eg presentere i meldinga.