Kan et kommunestyre lovlig vedta å si nei til vindkraftplaner i kommunen, eller vil et slikt vedtak være lovstridig?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Er det anledning for et kommunestyre å fatte følgende vedtak «X kommune sier nei til planer om å anlegge vindkraftindustri i kommunen» eller «De planer for utbygging av vindkraft i Y som er gjort kjent våren 2024 framstår som for inngripende og med uforholdsmessige negative konsekvenser med tanke på arealbruk, ulemper for naboer og usikkerhet for innbyggerne for øvrig. En slik, eller liknende, utbygging er ikke ønsket av kommunestyret i Y» eller vil et av disse vedtakene være lovstridig?
Spørsmålsstiller ønsker besvart om et av de følgende vedtakene er lovstridig. Dersom et eller begge forslag er lovstridige, bes det forklart hvilke lovbestemmelser vedtakene strider mot.
Utgangspunktet i kommunelova er at kommunane er eigne rettssubjekt og kan ta avgjersler på eige initiativ og ansvar, dersom dette ikkje er i strid med lov eller forskrift. Det er ikkje ukjend at eit kommunestyre fattar såkalla prinsippvedtak som gir uttrykk for eit prinsipielt standpunkt. Slike vedtak vil normalt ikkje vere bindande for handsaming av konkrete søknader eller planar dei får seinare, men vil vere eit signal om korleis kommunestyret ser på prinsipielle politiske spørsmål. Eit prinsipielt vedtak om å si nei til vindkraft er altså ikkje lovstridig, men det vil heller ikkje binde kommunestyret ved ei eventuell seinare handsaming av ein konkret vindkraftplan.
Kommunane er oppfordra til å ta opp fornybar kraft ved rullering av sin kommuneplan, noko som skjer i mange kommunar i 2025. Kommunestyret vil gjennom ei slik planhandsaming få eit betre grunnlag for å ta stilling til vindkraftutbygging i sin kommune, og det blir gjennomført ein grundig prosess med ulike interesser og innbyggjarar i tråd med krav i plan- og bygningslova. Eit prinsippvedtak om haldning til vindkraft basert på ein slik planprosess, vil følgjeleg vere meir bindande og betre forankra enn eit einskildståande vedtak. Men det er ikkje noko lovkrav som seier at kommunane må forankre eit standpunkt til vindkraft i slik plan.
Med lovendring 1. juli 2023 er det krav om at kommunen må ha planavklart eit område før det kan gis konsesjon for vindkraftutbygging etter energilova. Slik planavklaring vil normalt skje gjennom ein områderegulering. Private kan fremje eit planinitiativ til områderegulering for kommunen, og har krav på å få lagt fram dette i oppstartmøte med kommunen. Kommunen kan avvise eit slikt planinitiativ, etter dei same reglane som gjeld for private framlegg til detaljregulering. Utbyggjar kan be om at avgjerda om å avvise planinitiativet blir handsama i kommunestyret. Ei slik avgjerd skal skje så tidleg som mogleg i oppstartfasen.
Oppsummert meiner eg ingen av dei to eksempla på kommunestyrevedtak er lovstridige.