

Vil statsråden og regjeringa fordømme angrepet på Freedom Flotilla-skipet «Conscience», som gjorde forsøk på å bryte blokaden mot Gaza?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Vil statsråden og regjeringa fordømme angrepet på Freedom Flotilla-skipet «Conscience», som gjorde forsøk på å bryte blokaden mot Gaza?
Fleire medium melder 2. mai at Freedom Flotilla Coalition skipet «Conscience» har vorte råka av eit israelsk droneåtak i internasjonalt farvatn medan det var på veg til Gaza. Åtaket sette skipet i brann, slo hol i skroget og lamma generatoren, slik at fartøyet kom i havsnød og stod i fare for å synke. Mange sivile hamna dermed i livsfare. Dersom rapportane stemmer, og Israel faktisk står bak eit slikt åtak, er dette særs alvorleg. Skipet var i internasjonalt farvatn og prøvde å bryte ein folkerettsstridig blokade mot Gaza. Dette var eit ikkje-stridande, sivilt fartøy på ope hav – i strid med havretten sitt prinsipp om fri ferdsel nedfelt i UNCLOS, og i strid med krigens folkerett.
Utanriksministeren har sjølv fordømt målretta åtak på humanitære hjelpearbeidarar i Gaza. Dette åtaket liknar dei hendingane utanriksministeren har fordømt, og verkar som ei alvorleg opptrapping av Israels vilje til å bruke dødeleg makt mot sivile motstandarar utanfor eigne grenser. Dersom folkeretten, krigsretten og den særlege verna sivile har, blir undergravne, råkar det oss alle. Eg minner òg om at norske borgarar tidlegare har vorte utsette for vald frå israelsk militær under forsøk på å bryte blokaden mot Gaza.
Passasjerskipet Conscience, som tok del i «Freedom Flotilla Coalition», skal ifølgje mannskapet ha vorte råka av eit åtak utanfor kysten av Malta natt til 2. mai. Skipet var i internasjonalt farvatn då hendinga inntrefte. Maltesiske styresmakter har stadfesta at det har vore brann om bord på skipet og at skadane krev reparasjonar for at skipet skal kunne segle vidare. Det bør no bringast på det reine kva som har skjedd.
Regjeringa er djupt bekymra for utviklinga i Palestina. Etter 18 månader med krig er situasjonen særleg kritisk i Gaza. Den har vore svært vanskeleg lenge, og det er særs uakseptabelt at Israel no har blokkert humanitær bistand og forsyningar i over to månader. Dei siste månadene har Israel også innført stadig sterkare avgrensingar på arbeidet til humanitære organisasjonar i Gaza. Verdas matvareprogram uttalte 25. april at dei hadde tømt alle sine matlager. Det rapporterast om at lagera med medisinar og helsemateriell er tomme for enkelte kritiske medisinar, og Gaza er i ferd med å tømmast for drivstoff.
Noreg har gjentekne gonger vore tydelege på at Israel er folkerettsleg forplikta til å leggje til rette for bistand til den palestinske befolkninga, og at dette må skje i tråd med humanitære prinsipp.