Mener statsråden det er useriøst at hele UH-sektoren, forskningsinstitutter og studenter advarer mot regjeringens kuttpolitikk og dens negative konsekvenser?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Mener statsråden det er useriøst at en nærmest samlet UH-sektor, forskningsinstitutter og studenter roper varsku om at regjeringens gjentagende kuttpolitikk får enorme negative konsekvenser for hele sektoren?
På redaktørplass i Khrono ønskes det velkommen til et godt nytt «Kutt» år for høyere utdanning- og forskningssektoren i Norge. Forskerforbundet kom på tampen av fjoråret med en undersøkelse med svar fra over 4000 av deres medlemmer, der to av tre ansatte oppgir at egen arbeidssituasjon allerede er påvirket av nedskjæringer. Ni av ti er bekymret for at nedskjæringer vil påvirke arbeidssituasjonen negativt framover. Ni av ti er bekymret for undervisningskvaliteten. To av tre frykter for egen stilling og nesten alle er litt eller veldig bekymret for utvikling av eget fagområde.
Statsråden har tidligere sagt at Forskerforbundet og Venstre tegner et karikert bilde av regjeringens politikk, og at det ikke er noen krise i høyere utdanning og forskning.
Regjeringa har ikkje ein kutte-politikk for forsking og høgare utdanning. Vår politikk satsar på den kompetansen vi har størst behov for i framtida, vi bygger teknologisk infrastruktur og vi rustar Noreg for framtida. I 2025 prioriterer regjeringa fleire målretta satsingar, som nye studieplassar i IKT, medisin, veterinærmedisin og barnehagelærarutdanning, samt ei styrking av desentralisert og fleksibel utdanning. Det blir satsa stort på forsking og utvikling i forsvarssektoren og i tillegg satsar vi på område som kvanteteknologi og utvikling av norske og samiske språkmodellar. Budsjettet som Stortinget har vedteke for 2025 viser at med politikken til denne regjeringa, tar vi på alvor at høgare utdanning og kompetanse skal vere tilgjengeleg for folk i heile landet, slik at vi får dekka behova i arbeidslivet både i næringslivet og i velferdstenestene i heile Noreg.
Rammeløyvinga til universiteta og høgskulane er på over 46 milliardar kroner i 2025. I tillegg kjem store midlar til forsking og utvikling, særleg gjennom tildelingar frå Forskingsrådet og EUs rammeprogram. Det er dermed betydelege offentlege midlar vi bruker på høgare utdanning og forsking. I Noreg har løyvingane til universiteta og høgskulane auka nærmast kontinuerleg over svært lang tid. Krisetiltaka under pandemien førte til ein særleg stor mellombels auke.
Eg har forståing for at fleire institusjonar står i krevjande prosessar, men fakta om finansieringa tilseier ikkje at det er dekkande å kalle dette ei krise. Noreg har i internasjonal samanheng ei svært høg offentleg finansiering av høgare utdanning og forsking.
Eg har tillit til at institusjonane handterer godt dei omstillingane dei no står overfor. Det dreier seg ikkje berre om avslutta krisetiltaksmidlar, men også ei nødvendig omstilling som følge av endringar i etterspurnaden etter utdanning og kompetanse frå både søkarar og arbeidslivet.