Erling Sande
svarer
Cecilie Myrseth

Er næringsministeren i gang med å iverksetje tiltak for å redusere skjemavelde for små og mellomstore bedrifter, og når kan bedriftene forvente innsparing frå dette?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1797 (2024-2025)

NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga meiner skjemavelde kostar små og mellomstore bedrifter 20 mrd. kroner per år. Dei etterspør m.a. at staten (1) identifiserer og fjernar rapporteringsplikter som ikkje lenger er relevante eller vert brukte til noko, (2) fjernar dobbeltrapportering og (3) utviklar betre og meir samanhengande tenester på tvers av etatane. Er næringsministeren i gang med å iverksetje desse tiltaka, og når kan bedriftene vente å få ei innsparing som fylgje av eit eventuelt slikt arbeid?

Norske bedrifter bør få bruke tida si på det dei er best på - å produsere gode varer og tenester med forteneste og gjernnom det skape verdiar og arbeidsplassar for AS Noreg. NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga er uroa for at bedriftene i staden må bruke tida på å fylle ut skjema for norske styresmakter.

Eg deler den uroa. I dagens situasjon med aukande konkurranse mellom land er det viktigare enn noko sinne å syte for at norsk næringsliv har så gode vilkår som mogleg for å kunne hevde seg i den internasjonale konkurransen.

Undersøkinga, som er den første av slaget sitt, er gjennomført blant medlemmene i dei tre organisasjonane og representerer norske bedrifter med inntil 100 tilsette. 1711 personar har svart i undersøkinga. Det er omfanget og tidsbruken ved rapporteringa som er mest krevjande for dei små og mellomstore bedriftene, dernest kompleksitet i regelverk og på tredjeplass utfordringar med teknologiske løysingar (manglande driftstryggleik og brukarsnitt).

Bedriftene bruker mykje tid på rapportering. Små verksemder med éin til ti tilsette oppgir i snitt å bruke elleve timar i månaden. Fire av ti bedrifter opplever i høg grad å rapportere same informasjon til fleire offentlege instansar. 6 av 10 meiner at dei fleste rapporteringsløysingane har som formål å gjere det enklare for det offentlege meir enn for næringslivet. Små og mellomstore bedrifter oppgir til saman rapportering til 43 ulike etatar. Eg lurer på kva næringsministeren gjer med saka.

Svar fra mandag 7. april 2025

Eg deler representant Sande sitt syn når det gjeld at næringslivet skal bruke minst mogleg tid på unødvendig byråkrati. Forenklingar bidreg til auka verdiskapingsevne for både næringsliv og forvaltning. Dette handlar ikkje berre om å redusere krav, men òg om å byggje nye og smartare løysingar som reduserer rapporteringsbyrda og støttar ansvarleg næringsverksemd.

Forenklingsarbeidet, særleg for små og mellomstore bedrifter, er viktig for regjeringa. Difor har vi prioritert dette høgt og sett oss eit ambisiøst mål. Vi har så langt identifisert forenklingstiltak som, på usikkert grunnlag, kan gje om lag 5,8 milliardar kroner i årlege innsparingar for næringslivet i denne perioden. Realisering av desse innsparingane for bedriftene vil avhenge av dei spesifikke tiltaka som blir gjennomførte og tidspunktet for gjennomføring. Nokre tiltak er små, nokre er store, nokre krev meir omfattande utgreiingar og prosessar, og nokre treng vedtak i Stortinget.

Representanten peikar på utfordringar knytt til tidsbruk ved rapportering. Regjeringa sitt mål er at unødvendige rapporteringsplikter blir reduserte i tal og omfang, mellom anna ved større grad av gjenbruk av allereie innhenta opplysningar, og at ein større del av rapporteringa kan gjerast gjennom maskinelle og automatiserte løysingar.

Vi har gjort det enklare å etablere selskap digitalt, forenkla skattemeldinga med fleire ferdig utfylte felt og digitalisert byggjesaksprosessane. Dette sparer næringslivet for store summar kvart år. Regjeringa vurderer vidare tiltak som kan gje auka bruk av e-faktura mellom private næringsdrivande, noko som på sikt kan gje milliardgevinstar i privat sektor.

Vi vil òg halde fram arbeidet med å utvikle betre og meir samanhengande tenester på tvers av etatane, for å effektivisere rapporteringa i bedriftene. Dette er òg ei viktig prioritering i regjeringa sin nye digitaliseringsstrategi "Framtidas digitale Noreg 2025–2030".

Brønnøysundregistera har etablert fleire samanhengande tenester i eit offentleg-privat samarbeid. Eit døme er Digital selskapsetablering, der bedrifter kan starte verksemd direkte frå nettbanken eller rekneskapssystemet. Dette samarbeidet syner at gode resultat blir oppnådde når bedrifter får høve til å handtere søknader og rapportering direkte frå sine eigne system, der naudsynte opplysningar allereie er tilgjengelege.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025