

Legg regjeringa til grunn at investeringar i injeksjonskapasitet for CO₂ som blir pålagd gjennom EU sin Net Zero Industry Act (NZIA) skal vera frådragsberettiga i særskattegrunnlaget for petroleumsverksemd?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Legg regjeringa til grunn at investeringar i injeksjonskapasitet for CO₂ som blir pålagd petroleumsnæringa gjennom EU sin Net Zero Industry Act (NZIA) skal vera frådragsberettiga i særskattegrunnlaget for petroleumsverksemd, og dermed i stor grad bli finansiert gjennom redusert statleg skatteinngang og på ein måte som omgår handlingsregelen, eller er det forventa at næringa sjølv skal bera investeringskostnaden utan eit slik frådrag?
EU sin Net Zero Industry Act (NZIA) artikkel 23 legg opp til å pålegga petroleumsselskap ein plikt til å investera i injeksjonskapasitet for CO₂. Dersom slike investeringar skal påleggast næringa gjennom norsk implementering, må det avklarast kven som faktisk skal bera kostnaden.
Basert på ein symmetrisk marginalskatt på 78 pst. inneber det norske petroleumsskattesystemet at investeringar på sokkelen som hovudregel er frådragsberettiga, der 78 pst. av investeringskostnadane kjem til frådrag. Dersom dette også blir gjort gjeldande for pålagde injeksjonskapasitetsinvesteringar etter NZIA, vil det i realiteten bety at fellesskapet, og ikkje selskapa, dekk majoriteten av investeringskostnadane. Det reiser viktige spørsmål om skattesystemet si innretning, byrdefordeling og offentleg prioritering.
På den annan side, dersom investeringane ikkje gjev frådrag, vil petroleumsselskapa måtte bera den fulle økonomiske byrda ved investeringar i injeksjonskapasitet for CO₂. Dette vil rokke ved rammevilkåra på norsk sokkel, og kan i sin tur påverka lønsemda i næringa og investeringsviljen på norsk sokkel. Det er i det heile tatt tvil om dagens regelverk opnar for dette då injeksjonskapasitet for CO₂ ifm. karbonfangst på fastlandet er ein aktivitet som mogleg fell utanfor petroleumsskatteloven sitt verkeområde.
Difor er det behov for eit svar på om pålagde investeringar i injeksjonskapasitet for CO₂ blir omfatta av dagens petroleumsskatteregime, og dermed i hovudsak blir finansiert av staten, eller om det blir lagd opp til at kostnadane skal berast av selskapene utan at dei kjem til frådrag.
Net Zero Industry Act (NZIA) er i EØS-prosess og arbeidet med å avklare Norges posisjon til forordningens bestemmelser om CO₂-lagring pågår.
Før disse bestemmelsene ev. innlemmes i EØS-avtalen, vil regjeringen vurdere EØS-tilpasninger i tråd med norske interesser. Tilpasningene blir bestemmende for hvilke EØS-forpliktelser Norge ev. påtar seg, og dermed også for hvilke krav som ev. vil bli stilt til petroleumsnæringen i Norge.
Det er derfor for tidlig å si noe om den skattemessige behandlingen av mulige fremtidige kostnader knyttet til en ev. forpliktelse under NZIA for petroleumsselskaper i Norge.