Ein skule for alle, ikkje berre for statistikkens skuld
Fråværsgrensa lærer ikkje elevar ansvar. Ho lærer dei at skulen er meir rigid enn arbeidslivet, eit system der mistillit og kontroll regjerer. Dette er ikkje måten å bygge trygge, sjølvmotiverte ungdommar på, skriv Sandra Edith Kalland Tenud, medlem av AUF sitt sentralstyre.
Sandra Edith Kalland Tenud
Sentralstyremedlem, AUF, fylkestingsrepresentant i Vestland (Ap), kommunestyrerepresentant i Gloppen (Ap), leder av SoFjo PrideEg hugsar godt då fråværsgrensa vart innført. Det var i 2016, og eg var elev på vidaregåande. Medieoppslag om Torbjørn Røe Isaksen si fråværsgrense hang som skummel pynt på ein Halloween-fest eg var på. Den symboliserte frykta vi følte for å ikkje strekke til. Med den nye strenge grensa møtte eg sjølv opp i nokre skuletimar eg eigentleg ikkje burde vore i, sjølv om eg var sjuk eller heilt utsliten. Samstundes såg eg vener av meg som ikkje klarte å fullføre vidaregåande, delvis fordi fraværsgrensa gjorde det vanskelegare for dei som allereie sleit.
Å påstå at fråværsgrensa førebur ungdom på arbeidslivet, er ikkje berre naivt, det er feil.
Sandra Edith Kalland Tenud
Sentralstyremedlem, AUF
Høgre-politikar Oda Oline Omdal hyllar i sitt innlegg egentlig ingenting. Dei nye reglane regjeringa foreslår, løyser ikkje problemet. Å byte namn på «udokumentert fråvær» til «eigenmelding» endrar ikkje at elevar framleis kan risikere å stryke dersom dei har meir enn 10 prosent fråvær. Dette held oppe den same stresskulturen i skulen.
Fråværsgrensa er ikkje ei løysing på utfordringane i skulen, ho er ein del av problemet. Ingen i AUF er imot reglar i skulen. Men vi er imot reglar som skapar unødvendige hindringar og gjer det vanskelegare for elevar å lukkast.
Ikkje berre naivt, men feil
Då høgresida innførte si fråværsgrense, nekta dei helsesjukepleiarar å dokumentere fråvær. Resultatet var at køane hjå fastlegane eksploderte. Elevar brukte tid og pengar på å dokumentere sjukdom i staden for å fokusere på skulearbeidet. Det er bra at Arbeidarpartiregjeringa no opnar for at ein ikkje lengre treng legeerklæring.
Det er rett at FAFO-rapporten viser ein reduksjon i fråvær. Men ho viser også at elevar som allereie sleit, hadde større sannsyn for å få «Ikkje Vurdert» (IV) i fleire fag. For desse elevane, ofte i sårbare situasjonar, vart kvardagen endå vanskelegare.
Skulen skal ikkje vere ein plass for mistillit og frykt, men eit trygt miljø der alle kan lukkast.
Sandra Edith Kalland Tenud
Sentralstyremedlem, AUF
Å påstå at fråværsgrensa førebur ungdom på arbeidslivet, er ikkje berre naivt, det er feil. I arbeidslivet kan ein levere eigenmeldingar, ta sjukedagar og få tilrettelegging. Kvifor skal ikkje vidaregåandeelevar få den same tilliten?
Tillit, tilrettelegging og støtte
Fråværsgrensa lærer ikkje elevar ansvar. Ho lærer dei at skulen er meir rigid enn arbeidslivet, eit system der mistillit og kontroll regjerer. Dette er ikkje måten å bygge trygge, sjølvmotiverte ungdommar på.
Å kalle fråværsgrensa eit «medisinsk mirakel» er å oversjå realitetane. Mange elevar har gått på skulen sjølv om dei er sjuke, av frykt for konsekvensane. Dette er ikkje eit mirakel, men ein usunn skulekultur som prioriterer statistikk framfor helse og trivsel.
Skal vi bygge ein skule der alle elevar kan lukkast, må vi satse på lærarar og eit sterkt støtteapparat rundt elevane. Skulen skal ikkje måle elevar på fråværsprosenten, men på kva dei lærer og korleis dei utviklar seg. For oss i AUF handlar det om meir enn oppmøte; det handlar om å gi alle like moglegheiter, uansett bakgrunn og utfordringar.
Dette krev ein skule som gir støtte og fleksibilitet, ikkje eit rigid system som straffar dei som treng hjelp mest. Vi treng ei skulepolitikk som byggjer på tillit, tilrettelegging og støtte. Fråværsreglane må bidra til at fleire fullfører vidaregåande, ikkje til at fleire fell frå.
Skulen skal ikkje vere ein plass for mistillit og frykt, men eit trygt miljø der alle kan lukkast. Ein skule der elevar ikkje berre møter opp, men også trivst og kjenner seg sett, det er den verkelege løysinga.