Ingrid Fiskaa
svarer
Tore Onshuus Sandvik

Kan forsvarsministeren godta at Forsvaret permanent flyttar 40 av 65 operative stillingar frå Sørreisa til Bodø for å bygga opp ein mellombels CAOC utan at dette er politisk avgjort?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2182 (2024-2025)

Dersom leiinga i Luftforsvaret flyttar 40 operative stillingar frå Sørreisa, betyr det i realiteten ei styrt nedlegging av Noregs mest moderne luftovervakingsstasjon.
Kan forsvarsministeren godta at Forsvaret permanent flyttar 40 av 65 operative stillingar frå Sørreisa til Bodø for å bygga opp ein mellombels CAOC, NATO-luftoperasjonssenter, utan at dette er politisk avgjort?

NATO har peikt på Noreg som land for ein ny CAOC, eit NATO-luftoperasjonssenter. Kor i landet det skal leggast er ei politisk avgjerd som vert fatta av regjeringa, og den avgjerda er framleis ikkje tatt. Eit av hovudpunkta då statsminister Støre nyleg la fram Noregs første nasjonale sikkerheitsstrategi, var at me «må leva med eit farlegare Russland som nabo, og at me må stå trygt i ei tid med tiltakande stormaktsrivalisering». Me må vera til stades i nordområda, der me bur, lever og har kunnskapen. Det er aukande sikkerheitspolitisk interesse for dei arktiske områda.

Luftforsvarets stasjon i Sørreisa er Noreg og NATO sitt mest moderne stridsanlegg til over 5 milliardar kroner. Kontroll og varsling heng saman, det har det alltid gjort. I dag samarbeider Sørreisa og Bodø. Ei flytting av 40 operative stillingar vil vera starten på slutten for Luftforsvaret sin aktivitet i Sørreisa og ein kostbar, forsvarspolitisk skandale. Luftforsvarets stasjon Sørreisa driv med kontinuerleg luftovervaking av landets luftrom heile døgnet 365 dagar i året, og er den einaste stasjonen i Noreg, etter vedtak i 2012 i Stortinget. Det er der me har dagens nasjonale luftoperasjonssenter.

På eit folkemøte torsdag 6. mai (i Sørreisa) stadfesta oberst NK/stabssjef Joint Air Operations Centre, Michael Baas Bottenvik-Hartmann at ein planlegg at inntil 40 av 65 operative stillingar blir flytta frå Sørreisa til Bodø for å bygga opp ein mellombels CAOC, NATO-luftoperasjonssenter. Flyttinga er permanent og skjer utan at det er politisk bestemt. CRC-en i Sørreisa kan bli tømt for operativ aktivitet, og mistar dermed også grunnlaget for å driva opplæring av nytt personell, slik dei gjer i dag. I nord er det samtidig brei oppslutning, både politisk og fagleg, om at ein ny, nordisk Nato-luftkommando bør leggast til Sørreisa og Bodø.

Svar fra tirsdag 20. mai 2025

På forsvarsministermøtet i februar 2025 aksepterte NATO Noregs tilbud om å etablere eit tredje regionalt luftoperasjonssenter (CAOC) i Noreg. NATO har sett ein ambisiøs tidsfrist for at det tredje luftoperasjonssenteret skal oppnå operativ evne. Den einaste moglegheita for å etterleve NATOs krav er å etablere eit midlertidig luftoperasjonssenter på Forsvarets base Bodø. Dette er i tråd med forsvarssjefens tilråding.

Det har vore medviten norsk politikk og viktig for norsk tryggleik å kunne tilby NATO å etablere eit tredje regionalt luftoperasjonssenter på norsk jord. Opprettinga av luftoperasjonssenteret vil mellom anna bidra til at Norden kan samlast i same operasjonsområde. Gitt oppdraget som ein NATO CAOC skal løysa, vil opprettinga av dette krevje større grad av kraftsamling av den nødvendige kompetansen enn i dag. Personell må prioriterast dit dei har størst operativ effekt. Forsvaret legg til grunn at dersom personell ikkje vert flytta frå Sørreisa vil Luftforsvaret ikkje ha tilstrekkeleg personell til å etablere ein NATO CAOC. Den teknologiske utviklinga gjennom moderne plattformer som F-35 gjer at luftoperasjonar må ledast på ein annan måte enn tidlegare. Dette har konsekvensar for korleis funksjonaliteten for CRC vert utført. Noreg vil ha en viktig rolle i NATO framover med å bidra i vidareutviklinga av leiing av luftoperasjonar i framtida. Ei kraftsamling av kompetanse er difor ei føresetnad for etableringa av NATO CAOC.

Sørreisa vil framleis vere ein viktig lokasjon for Forsvaret. Den delen av det operative miljøet som ivaretek luftbildeproduksjon (varsling), vil framleis gjere dette frå Sørreisa. Det skal i tillegg etablerast eit regionalt vedlikeholdssenter for radarar i nord på Sørreisa og det skal etablerast eit alliert treningssenter på Sørreisa underlagd Hæren. I tillegg skal Luftforsvarets kommando- og kontrollskole på Sørreisa styrkast. Ei flytting av personell i samband med kraftsamling av kompetanse for ein CAOC tilseier difor ikkje ei styrt avvikling av Sørreisa.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025