Om  
Kathrine Sund-Henriksen

Til minne om Kathrine Sund-Henriksen (1980-2025)

Kathrine Sund-Henriksen var eit døme på at det nyttar å engasjere seg og kjempe for positiv endring i verda. For alle som kjente henne vil ho fortsette å vere eit førebilete; eit døme på at engasjement, solidaritet og godt humør gjer både verda, arbeidsplassen, nærmiljøet, familien og livet rikare.

«Kathrine etterlet seg eit stort tomrom i familien ho elska så høgt. For alle oss som var så heldige å få jobbe med Kathrine, etterlet ho seg like mykje eit sterkt vev», skriv ForUM-styreleiar Eirik Lindebjerg og resten av ForUM-sekretariatet. 
«Kathrine etterlet seg eit stort tomrom i familien ho elska så høgt. For alle oss som var så heldige å få jobbe med Kathrine, etterlet ho seg like mykje eit sterkt vev», skriv ForUM-styreleiar Eirik Lindebjerg og resten av ForUM-sekretariatet. Foto: Forum for utvikling og miljø

 

Kathrine Sund-Henriksen døydde brått av akutt sjukdom 10. februar, altfor tidleg. Kathrine etterlet seg eit stort tomrom i familien ho elska så høgt. For alle oss som var så heldige å få jobbe med Kathrine, etterlet ho seg like mykje eit sterkt vev.

Kathrine jobba alltid for fellesskapet. Ho begynte sitt internasjonale arbeid då ho studerte i Bergen, som aktivist i lokallaget til SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond). I 2003 blei ho valt inn i arbeidsutvalet, og i 2005 til leiar i SAIH. Åra i SAIH vart viktige og prega resten av livet. På ei SAIH-reise til Colombia traff ho Jørn som ho seinare fekk fire fine barn med.

Kathrine tok tidleg leiarverv. Kanskje meir driven av ansvarskjensle enn eit ønske om å stå fremst. Ho elska ikkje merksemd og talarstolar. Tidleg i karrieren tok ho nesten litt sats når ordet var hennar. Det var viktig å få sagt det som skulle seiast, men det handla om sak, ikkje om henne. Kanskje var det nettopp derfor nettverksarbeid vart ein raud tråd i arbeidslivet. 

Kathrine tok tidleg leiarverv. Kanskje meir driven av ansvarskjensle enn eit ønske om å stå fremst. Ho elska ikkje merksemd og talarstolar.

Ho tok ansvar langt utover seg sjølv. Etter fullført mastergrad og styreverv i Burmakomiteen og Studentenes Fredspris, blei ho i 2008 dagleg leiar i SLUG, nettverk for rettferdig gjeldspolitikk. Sammen med aktivistar verda over, arbeidde ho for å endre globale strukturar som hindrar fattige land i å bli økonomisk sjølvstendige. Dette var eit tema ho igjen jobba for dei siste åra.

Kathrine sette ikkje grenser for solidaritet. Arbeidslivet hennar begynte med det internasjonale, men i mange år jobba ho med norsk frivilligheit. Etter arbeid for FNs høgkommisær for menneskerettar i Bolivia, kom ho heim til jobb i TV-aksjonen før ho i 2010 begynte å jobbe for Oslo Røde Kors. Der tok ho mellom anna initiativ til aktivitetar særleg for kvinner, eit arbeid som har sett varige spor.

Fritida handla også om fellesskap. På Holmlia var Kathrine ei drivkraft for eit inkluderande miljø. Som engasjert og verdsett FAU-leiar, korpsentusiast og ei av kreftene bak Holmlia-initiativet, bygde Kathrine fellesskap og ein betre bydel for barn og unge.

Forum for utvikling og miljø (ForUM) fekk Kathrines siste seks år. I Kathrine fekk Forum-fellesskapet ein samlande, engasjert og lyttande generalsekretær. Å leie, knytte saman og utvikle nettverket av 60 miljø- og utviklingsorganisasjonar i Noreg var ein jobb som skapt for Kathrine. Det ga resultat. Blant anna i form av viktige politiske gjennomslag; som nye internasjonale avtalar og samarbeid innan skattepolitikk, finansiering for utvikling, plastforureining og natur, nye tiltak for gjennomføring av FNs berekraftsmål i Noreg, openheitslov for norsk næringsliv og mykje, mykje meir.

Kathrine var eit døme på at det nyttar å engasjere seg og kjempe for positiv endring i verda.

Felles for alle desse gjennomslaga var at Kathrine aldri gjorde jobben åleine. Ho knytte saman medlemsorganisasjonar, la til rette for at dei kunne fremje sine kampsaker og knytte det norske sivilsamfunnet til internasjonale rørsler og prosessar. Nyheita om Kathrine sin bortgang sette også djupe spor internasjonalt, blant anna hos deltakarane i FNs prosess for utviklingsfinansiering som var samla i New York då dei mottok nyheita.

Gjennom dedikert arbeid og ein usedvanleg smittande latter utvikla Kathrine ForUM-sekretariatet til ein sterk organisasjon, både økonomisk og viktigast for henne; til ein god stad å jobbe for dyktige medarbeidarar som no ber på eit djupt sakn.

Kathrine var eit døme på at det nyttar å engasjere seg og kjempe for positiv endring i verda. For alle som kjente henne vil ho fortsette å vere eit førebilete; eit døme på at engasjement, solidaritet og godt humør gjer både verda, arbeidsplassen, nærmiljøet, familien og livet rikare.

For kollegaer og vener vart Kathrine renninga i ein sterk, solidarisk vev. Alle våre tankar går til Jørn og barna som ho var så uendeleg glad i.

Les også

Omtalte personer

Kathrine Sund-Henriksen

Cand.mag (Universitetet i Bergen, 2003) Master i internasjonale relasjoner (Australia National University, 2007)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025