Debatt

SV tåkelegg at dei styrer landet

SV må snart byrje å ta ansvar for å ha ført kommune-Noreg inn i ei økonomisk krise som skaper press på alle typer kommunale tenester, i staden for å prøve å tåkelegge SVs kriseansvar ved å rette angrep mot andre, skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner vi må ha ein open diskusjon om korleis vi organiserer helse- og omsorgstenestene i kommunane i framtida. Ellers vil det gå utover dei menneska som treng teneste mest, skriv han.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner vi må ha ein open diskusjon om korleis vi organiserer helse- og omsorgstenestene i kommunane i framtida. Ellers vil det gå utover dei menneska som treng teneste mest, skriv han.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Alfred Jens Bjørlo
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

SVs Cato Brunvand Ellingsen serverer ei saftig løgn når han i innlegg i Altinget 22. november påstår at eg vil «tvinge funksjonshindrede inn på helsetun». Det er ikkje sant. Eg har aldri sagt det, og aldri meint det.

No må derimot SV snart byrje å ta ansvar for å ha ført kommune-Noreg inn i ei økonomisk krise som skaper press på alle typer kommunale tenester, i staden for å prøve å tåkelegge SVs kriseansvar ved å rette angrep mot andre.

Bakgrunnen for Brunvand Ellingsen sitt innlegg, er eit innslag på NRK Dagsrevyen 17. november om sterk vekst i kommunene sine kostnader til å hjelpe ressurskrevjande brukarar utan at nødvendig finansiering er på plass frå staten, og at mange kommunar slit med å finne både pengar og folk.

Les også

Uroa i kommunane

Eg forstår godt at mange som er avhengig av desse tenestene og deira næraste vart urolige av å sjå dette innslaget. Men det er viktig å merke seg at den uroa er skapt av realitetar ute i kommune-Noreg og av komande demografiske endringar i samfunnet som vil gjere mangelen på folk i viktige tenester endå større i åra framover.

Den diskusjonen trur eg vi alle er nødt til å ta på ein rolig måte med «innestemme» i tida framover.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

Den diskusjonen trur eg vi alle er nødt til å ta på ein rolig måte med «innestemme» i tida framover. Korleis kan vi rigge oss for ei framtid der samfunnet vil sjå heilt annleis i dag, utan at vi dermed set dei rettane og tenestene funksjonshemma i dag har fått etter lang tids kamp «i spel»?

Det spørsmålet prøvde eg å stille i Dagsrevyen, men la meg for ordens skuld presisere: Det betyr ikkje at Venstre vil fjerne BPA-ordninga, det betyr ikkje at Venstre vil tvinge nokon mot si vilje inn i helsetun eller institusjonar og det betyr sjølvsagt ikkje at vi vil setje funksjonshemma sine grunnleggande rettar i spel, Dei rettane vi her snakkar om har Venstre vore ein forkjempar for, og dei står fast.

Les også

Glatte, tunge og makteslause hender

Men ja: Eg ER bekymra for at dersom vi ikkje klarer å ha ein open diskusjon om korleis vi organiserer alle helse- og omsorgstenester ute i kommunane i framtida, så vil det gå utover dei menneska som aller mest treng tenestene som er nødvendig for fridom og gode liv.

Det er å halde folk for narr, uansett om dei er funksjonsfriske eller funksjonshemma.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant (V)

Det handlar mest av alt om ein stadig større mangel på folk til å stå i arbeidslivet. Vi står i fare for å kome i stadig fleire situasjonar der enkeltmenneske sine rettar og livskvalitet blir forringa – ikkje på grunn av mangel på formelle rettar eller pengar, men fordi vi ikkje har nok folk og «menneskelege ressursar» til å levere gode og heilskaplege omsorgstilbud – særleg til personar med komplekse livsutfordringar som også krev betydeleg helsefagleg kompetanse.

Det er nok av fine forslag og gode idear i Brunvand Ellingsen sitt innlegg. Problemet er berre at hans parti SV samtidig sit i Stortinget og stemmer for statsbudsjett som gjer desse forslaga og ideane heilt illusoriske. Det er å halde folk for narr, uansett om dei er funksjonsfriske eller funksjonshemma. For folk er folk – og alle blir lurt av SVs glatte, tunge og makteslause hender. Eller «politisk latskap», for å bruke Brunvand Ellingsens eigne ord.

Omtalte personer

Cato Brunvand Ellingsen

Vararepresentant på Stortinget (SV)
Vernepleier, Master i habilitering

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025