

Vil statsråden ta grep for å sørge for at norske transpersonar får så god og oppdatert informasjon og reiseråd i samband med moglege reiser til USA, gitt den pågåande negative utviklinga i stoda for transpersonar i landet?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Vil statsråden ta grep for å sørge for at norske transpersonar får så god og oppdatert informasjon og reiseråd i samband med moglege reiser til USA, gitt den pågåande negative utviklinga i stoda for transpersonar i landet, og kva grep vil Noreg gjere for å betre situasjonen i landet?
I løpet av våren har me sett ei rekkje negative utviklingar for transpersonar sine rettar i USA. Etter at Donald Trump tok over som president har mellom anna føderale myndigheiter i landet blitt instruert om at dei berre skal anerkjenne mann og kvinne som kjønn, og at USA berre anerkjenner kjønnet tildelt ved fødsel. Dette har svært negative følgjer for amerikanske transpersonar.
Dette har også konsekvensar for transpersonar utanfor USA, som av ulike årsaker har tenkt å vitje landet. Ei rekkje land har oppdatert sine reiseråd, inkludert Noreg. Per no tilrår UDI følgjande: «Når du skal søke om ESTA eller visum til USA, er det to kjønnsbetegnelser å velge imellom: Mann eller kvinne. USA anerkjenner kun søkerens kjønn ved fødsel. Reisende hvis nåværende kjønn avviker fra kjønnet ved fødselen, anbefales å kontakte den amerikanske ambassaden før reisen for råd og veiledning.» Det vert også understreka at eit visum ikkje vil kunne garantere innreise, men at amerikanske immigrasjonsmyndigheiter tek ei avgjerd ved ankomst.
Samstundes opplevast ikkje dette tilstrekkeleg for at transpersonar føler tryggleik ved ei eventuell reise til landet. Organisasjonar som arbeider for rettane til skeive opplyser at mange vert redde for kva som kan skje ved grensa, og situasjonen framstår uføreseieleg. Mange fortel at dei ikkje tør å reise eller å kontakte am. Nyleg har også Foreininga FRI etterlyst ei tydeleggjering frå Utanriksdepartementet om tryggleiken for transpersonar som skal på reise, gitt den negative utviklinga i landet.
Utanriksdepartementet si reiseinformasjon er blant dei mest besøkte sidene på regjeringa.no med meir enn 8,5 millionar visningar i året. USA er eitt av landa med flest visningar.
Norske styresmakter kan gje informasjon om dei reglane som gjeld for innreise, visum og pass til ulike land, mellom anna USA. Det er amerikanske styresmakter som må gje nærare forklaring på innhaldet i regelverket som gjeld for USA, og på korleis det vert praktisert.
Når norske borgarar skal søkje om ESTA eller visum til USA, er det to kjønnsbetegningar å velje mellom: mann eller kvinne. USA anerkjenner berre søkjaren sitt kjønn ved fødsel. Reisande der noverande kjønn avviker frå kjønn ved fødsel, blir råda til å kontakte den amerikanske ambassaden før reisa for råd og rettleiing.
Eit visum eller ei ESTA-løyve gir ingen garanti for å kunne reise inn i USA. Dette vert vurdert konkret ved grensa av amerikanske immigrasjonsstyresmakter. Slik er det i dei fleste land, også ved Noregs grenser.
Norske styresmakter kan ikkje påverke kven som får reise inn i USA eller andre land, på same måte som andre land ikkje kan påverke kven som får reise inn i Noreg. Utanriksdepartementet kan heller ikkje garantere at ei utanlandsreise er trygg å gjennomføre. Det er opp til den enkelte å vurdere om dei skal reise eller ikkje. Vår erfaring er at det store fleirtalet av reisene til USA går utan problem. Norske borgarar kan alltid kontakte nærmaste norske utanriksstasjon eller UDs døgnopne operative senter ved behov for hjelp eller råd.
I appen Reiseklar og på regjeringa.no finst reiseinformasjon for over 200 land, også USA. Alle norske utanriksstasjonar har ansvar for å halde reiseinformasjonen for sine land fortløpande oppdatert, og er særskilt instruerte til mellom anna å vurdere behovet for informasjon retta mot LHBT+ personar. Dette er særleg aktuelt for land der desse oftare møter diskriminering eller der lovverket kan få konsekvensar for LHBT+ personar.