Korleis vil arbeidsmetoden til Ukom vidareførast ved ei samanslåing med Helsetilsynet, og korleis vil statsråden bidra til å bevare og auke arbeidsplassane i Stavanger?
«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
På kva måte vil arbeidsmetoden til Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta vidareførast ved ein sammenslåing av Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom), og på kva måte vil statsråden bidra til og sikre at arbeidsplassane i Stavanger bevares og eventuelt blir fleire?
Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å oppheva lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Bakgrunnen for opphevinga er eit forslag om å slå saman Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom). Arbeidsstaden er i dag lokalisert i Stavanger. Arbeidsmetoden til Ukom er anerkjend, og dei har blant anna høve til å sjølvstendig vurdera kva alvorlege hendingar og alvorlege forhald som skal undersøkast.
Det opparbeidde fagmiljøet i Ukom skal vidareførast og arbeidsplassane skal bli i Stavanger.
Bakgrunnen for forslaget om samanslåinga av Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) og Statens helsetilsyn er Varselutvalet sin rapport frå 12. april 2023, der utvalet einstemmig har foreslått ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta. Forslaget om ei ny meldeordning har vært på høyring fram til 20. januar.
Intensjonen er at den nye meldeordninga i større grad enn dagens varselordningar skal bidra til:
• Læring og forbetring i heile tenesta.
• Betre pasienttrygging gjennom meir førebygging av alvorlege hendingar.
• Betre ressursutnytting.
• Tryggleik i å melde alvorlege hendingar.
Høyringa er nå ferdig og departementet vil arbeide med å gjennomgå høyringsinnspela.