Geir Pollestad
svarer
Cecilie Myrseth

Kor mange tilsette i Statkraft hadde i 2024 ei inntekt som var høgare enn inntekta til statsministeren?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1644 (2024-2025)

Kor mange tilsette i Statkraft hadde i 2024 ei inntekt som var høgare enn inntekta til statsministeren?

Dn.no har 17. mars ein sak om utviklinga i antal tilsette og samla lønskostnad i Statkraft. Her kan ein mellom anna lesa: "På syv år har Statkraft doblet staben og fått seks milliarder i økte lønnsutgifter."

Statkraft er vårt felles selskap og forvalter store verdiar på vegne av det norske fellesskapet.

Det er naturleg at ein i svaret reknar både grunnløn og bonusar inn når ein vurderer inntektene til dei tilsette i selskapet.

Svar fra tirsdag 25. mars 2025

Det går fram av eigarskapsmeldinga, som det var brei semje om på Stortinget, at staten sitt mål som eigar i Statkraft er høgast mogleg avkastning over tid innanfor berekraftige rammer. Som eigar forventar staten at godtgjersla og andre insentiv i selskapet fremjar selskapet og eigar sitt mål og at godtgjersla til leiande tilsette er konkurransedyktig, men ikkje lønnsleiande og at omsynet til moderasjon vert ivareteke.

Det går óg fram av både selskapslovgjevinga og eigarskapsmeldinga at det skal vere ei klar rollefordeling mellom eigar og styret, og at det er styret som har ansvaret for selskapet si drift. Det inkluderer også ansvaret for å gjere vurderingar av kva som er riktig nivå på godtjersler, kva openheit selskapet skal ha om godtgjersleordningane sine og om selskapet driv verksemda effektivt.

Løn og andre godtgjersler for tilsette og leiande tilsette i Statkraft er omtala i selskapet sin årsrapport og leiarlønsrapport. I årsrapporten vert konsernet sine samla lønskostnader oppgitt. Der framgår det og at medianløna for heile selskapet var på rundt 970 000 kroner. Dette talet inkluderer i tillegg til den ordinære fastløna også pensjonskostnader og eventuelle skifttillegg, overtidstillegg, bonusar, etc.

Selskapet oppgjer ikkje kor mange som har løn over eit visst nivå eller korleis dei tilsette si løn fordeler seg på ulike lønsnivå. Selskapet si rapportering er i samsvar med praksis i norsk næringsliv elles, og det er ikkje vanleg at selskap rapporterer kor mange av dei tilsette som har løn over bestemde nivå.

Allmennaksjeselskap er ved lov pålagt å rapportere detaljert om lønsutbetalingar av leiande tilsette. Dette gjeld ikkje berre ordinær fastløn, men også bonusordningar, pensjonsavtalar og andre element i den samla lønsutbetalinga. Dei same reglane er gjort gjeldande for Statkraft gjennom selskapet sine vedtekter, og det vert kvart år lagt fram ein leiarlønsrapport for føretaksmøtet. I denne vert det gjeve detaljert oversikt over løna for selskapet si leiing. I leiarlønsrapporten er også gjennomsnittleg lønsvekst for alle tilsette i Noreg oppgitt. Leiarlønsrapporten er tilgjengeleg på selskapet sine nettsider. Selskapet opplyser at for dei fleste stillingar i Norge blir lønsnivået fastsett i dei ordinære forhandlingane mellom partane i arbeidslivet, og selskapet legg vekt på å følge tilsvarande prinsipp i andre land.

Kva gjeld utviklinga i talet på tilsette og samla lønskostnad i selskapet elles, vil eg framheve at ulike selskap kan vere inne i ulike fasar, til dømes vekst eller behov for reinvesteringar, som kan påverke utviklinga frå år til år og som gjer at enkeltnøkkeltal eit særskilt år ikkje nødvendigvis gjev et godt bilete av drifta og verdiskapinga i verksemda. I samband med dette viser eg til at verdien av Statkraft dei siste sju åra har auka sterkt.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977red@altinget.no
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025