

Kva visste Nærings- og fiskeridepartementet om at Telenor utleverte sensitive data til militærjuntaen i Myanmar, og gjorde regjeringa forsøk på å rettleia selskapet?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Telenor har utlevert sensitive persondata om demokratiforkjemparar til militærjuntaen i Myanmar i lang tid etter kuppet i 2021. Selskapet medverka på denne måten til juntaen si forfølging av motstandsfolk. Kva visste Nærings- og fiskeridepartementet om denne verksemda, og gjorde regjeringa noko forsøk på å rettleia Telenor den tida dei opererte under juntaen sitt styre?
Den norske staten er majoritetseigar i Telenor.
NRK har nyleg avslørt at Telenor utleverte persondata som gjorde det enklare for militærjuntaen å jakta demokratiforkjemparar. Ein av dei som selskapet utleverte data om, var den demokratisk valde leiaren av Myanmar, Aung San Suu Kyi.
1300 mobilkundar fekk trafikkdata utlevert eller telefonen blokkert etter krav frå kuppmakarane. Telenor sine eigne analysar viser at nesten 500 kundar stod i fare for å bli arrestert dersom Telenor delte dei sensitive dataa.
Telenor seier sjølv at dei aldri sa nei til krava frå juntaen.
Den militære maktovertakinga i Myanmar 1. februar 2021 har ført landet inn i ei djup krise, med store menneskelege lidingar som følgje.
Telenor har i etterkant av kuppet stått overfor ei rekkje vanskelege val. Selskapet har gjort greie for at det ikkje fanst løysingar utan alvorlege konsekvensar, og at dei ulike alternativa innebar store dilemma. Telenor har peika på at Myanmar under og etter kuppet var underlagd militær unntakstilstand og at å ignorere lokale lover og pålegg frå det brutale juntaregimet kunne ha sett tilsette i alvorleg fare.
Etter ei grundig vurdering kom selskapet fram til at vidare drift i Myanmar ikkje var mogleg utan å gå på tvers av eigne verdiar, internasjonale reglar og menneskerettane. Difor valde Telenor å selje verksemda, eit val selskapet omtalar som det minst skadelege alternativet.
I samsvar med selskapslovgivinga og prinsippa i eigarskapsmeldinga, Meld. St. 6 (2022–2023) «Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper», er det styret og leiinga i Telenor som har ansvar for drifta og dei strategiske avgjerdene i selskapet. Dette gjeld òg korleis utfordringane i Myanmar skulle handterast. Telenor har peika på at det ikkje fanst enkle løysingar, og at alle alternativ hadde alvorlege konsekvensar.
Staten har som eigar klare forventningar til selskapa sine arbeid med ansvarleg verksemd. Dette blir følgt opp gjennom eigardialogen med departementet. Departementet hadde tett kontakt med Telenor etter kuppet. Det omfatta møte og samtalar om korleis selskapet vurderte og handterte den krevjande situasjonen. Dette har tidlegare næringsminister Vestre gjort greie for overfor Stortinget tidlegare, mellom anna i svar til stortingsrepresentantar.