

Vil statsråden eller departementet gå i dialog med Det europeiske banktilsynet (EBA) for å sikre at EUs organ har rett forståing av eigenskapane til det norske eigenkapitalprovet?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.
Vil statsråden eller departementet gå i dialog med Det europeiske banktilsynet (EBA) for å sikre at EUs organ har rett forståing av eigenskapane til det norske eigenkapitalprovet slik det er utforma i dag når det no er klart at Sparebankutvalet og Finanstilsynet si forståing av regelverket (CRR) avvik frå næringa og fleire andre ekspertar sine vurderingar?
Eigenkapitalprovet er eit særeige kapitalinstrument for norske sparebankar. Eigenskapane til instrumentet har vist seg attraktive i kapitalmarknadene, noko som har bidrege til å sikre sparebankane tilgang til rein kjernekapital. Dette har igjen bidrege positivt til å oppretthalde ei sterk og spreidd banknæring i Noreg. Populariteten har ikkje kome av seg sjølv, men er eit resultat av at næringa over tid har gitt marknaden og investorar forståing av korleis instrumentet fungerer og at det er eit godt alternativ til "vanlege" bankaksjar.
EBA har meldt frå til Finanstilsynet at norske styresmakter må gjere endringar i regelverket for eigenkapitalprova for at desse skal kunne oppfylle krava til rein kjernekapital i kapitalkravsforordninga og dermed inkluderast i EBAs liste over kapitalinstrument i EØS-landa som tilfredsstiller krava. Sidan eigenkapitalprovet er så viktig, bør ein ha ei heilt presis forståing av om det faktisk er tvingande naudsynt frå ein EØS-rettsleg ståstad å endre eigenkapitalprovet og ev. kva endringar som faktisk er naudsynte. Dette er ikkje tilstrekkeleg klarlagt i dag. Det vil difor kunne vere tenleg om Finansdepartementet og statsråden går i aktiv dialog med relevante EU-organ for å utfordre premissen om at eigenkapitalbeviset ikkje oppfyller krava til rein kjernekapital i kapitalkravsforordninga.
NOU 2024: 22 var på høyring til 3. februar 2025, og det har kome inn 55 høyringsinnspel med ulike merknader til utvalet sitt forslag. Finansdepartementet vurderer no korleis forslaga i NOU 2024: 22 bør følgjast opp, og som eit ledd i det vurderer departementet alle høyringsinnspela som har kome inn. Departementet vil i oppfølginga måtte gjere ei sjølvstendig vurdering av om eigenkapitalprovet oppfyller krava til rein kjernekapital i kapitalkravsforordninga. Departementet vil i arbeidet med dette gjere dei undersøkingane som departementet finn naudsynte for å klårgjere problemstillinga.