Ingrid Fiskaa
svarer
Espen Barth Eide

Meiner utanriksministeren at det å vera konsul for Noreg kan sameinast med styreverv i israelsk krigsindustri, og kva er reglane for utnemning av konsular?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2025 (2024-2025)

Meiner utanriksministeren at det å vera konsul for Noreg kan sameinast med styreverv i israelsk krigsindustri, og kva er reglane for utnemning av konsular?

Dagbladet avslørte nyleg at Rakefet Russak-Aminoach, som blei utnemnt til norsk konsul i Israel i 2023, i fleire år har sete i styret til selskapet Hailo Technologies. I 2024 vart ho utpeikt til styreleiar i selskapet. Ifølgje Dagbladet samarbeider Hailo Technologies med selskapet Axon-Visikon om å levera KI-teknologi til det israelske militæret for bruk til målutveljing med meir.

Bruken av KI-teknologi i krigføringa reiser fleire etiske og juridiske problemstillingar. I tillegg til desse dilemmaa er det svært problematisk at selskap bidrar med teknologi til det israelske militæret når det er fare for at desse blir brukt i Israels krigføring mot dei palestinske områda. Det er dokumentert omfattande brot på internasjonal humanitærrett av Israel i palestinske område, og Den internasjonale domstolen har konkludert med at Israels okkupasjon av desse områda er ulovleg.

At Noreg i dag har ein norsk konsul som også er styreleiar i Hailo Technologies som bidrar med leveransar til det israelske militæret, stiller spørsmål ved om Noreg oppfyller våre internasjonale forpliktingar om å gjera det me kan for å hindra grove folkerettsbrot.

Svar fra mandag 5. mai 2025

Honorære konsular skal ivareta norske interesser i utlandet og skal stimulere til norsk samarbeid med vertslandet. Konsulata er ein del av den norske utanrikstenesta og bidreg til ambassadane si samla tenesteyting overfor nordmenn og norsk næringsliv. Honorære konsular mottek ikkje lønn for dette arbeidet.

Honorære konsular blir utnemnde av Utanriksdepartementet, jamfør Lov om utenrikstjenesten § 5. Prosessen for utnemning av konsular startar med at ansvarleg ambassade identifiserer eigna kandidatar til ny honorær konsul. Det skal som hovudregel fremjast tre kandidatar til vervet.

Ambassaden intervjuar kandidatane, og vurderer kvalifikasjonane deira for å vera konsul for Noreg. Ambassaden sender deretter den grunngitte innstillinga si til departementet.

Utanriksdepartementet vurderer innstillinga frå ambassaden før den føreslåtte konsulen blir tilsett av utanriksråden. Deretter søkjer ambassaden om godkjenning for konsulkandidaten vår frå lokale styresmakter.

Den honorære konsulen i Israel, Rakefet Russak-Aminoach, blei utnemnd 16. mai 2023 etter ein grundig prosess. Det blei ikkje avdekt tilhøve som er uforeinlege med hennar oppdrag for Noreg. Det er jamn kontakt mellom vår ambassade i Tel Aviv og den honorære konsulen. Forventninga om at oppdraget for Noreg blir løyst på ein måte som ikkje er i konflikt med norske interesser ligg til grunn i denne dialogen.

Den honorære konsulen si oppgåve i Israel er fyrst og fremst å bistå ambassaden med forståing av israelsk næringsliv og samfunn. På grunn av situasjonen i Israel etter 7. oktober 2023 har ambassaden hatt mindre fokus på å fremje handel mellom Noreg og Israel enn tidlegare.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2025